onsdag 24. august 2016

Den blanke boka


eg gir deg ei bok
den har tusen blanke sider

tør du opne?

orda er endå ufødde
i dei inste krokane
i ditt eige hovud,
ventar på forløysinga;

at du skal gripe fatt,
tvinge dei ut i verda – eitt for eitt
stille dei opp på geledd, rope
til verket!

kanskje vil det dukke fram ein hest
med gullsko og gylden man,
kanskje er det du som sit på hesten
er ein helt, med stålmusklar og breie smil

kanskje kan den fly?

kanskje har du ridd gjennom mange land
nedkjempa drakar og sure lærarar
før du trådde inn i notida,
klar for nye oppdrag

truleg vil det dukke opp noko heilt anna,
for den hesten
var det eg som dikta –

boka di
har endå berre blanke sider,
og tankane ligg ufødde
på vent

tør du opne?