mandag 12. februar 2018

Constance Ørbeck-Nilssen/Akin Duzakin: Fargene som forsvant

Forteljinga i denne flotte bildeboka, er ytre sett enkel. Eg-personen er ei lita jente, som saman med mora legg seg til å sove midt i ein øydelagt by. Rundt dei står ruinane av byen, og alle vegar og bruer er borte.

Om natta drøymer jenta tilbake til slik livet var før krigen kom, og byrjar å hugse kvardagstinga ho likte så godt.

Fargane i boka er eit viktig verkemiddel for å få fram historia. Akin Duzakin har laga storslåtte, vakre teikningar, og livet i den øydelagde byen er teikna i svart kvitt. I draumane byrjar jenta å hugse fargane som var før, og for kvart oppslag kjem ein ny farge tilbake. Dermed blir sidene gradvis meir fargerike, heilt til jenta vaknar. Då er vi tilbake til det verkelege livet, i krigen, og fargane er borte att.

Likevel sluttar boka med eit håp; over horisonten, i det jenta og mora stig ut av opningen som ein gong var ei dør, breier ein regnboge seg ut og gir lys til himmelen. Avslutningsorda i boka er "Jeg vet at vi kan klare det".

Dette er ei vakker bildebok, og formidlar alvoret i krigen på ein sterk måte. Gjennom jenta sine draumar ser vi dei klare kontrastane mellom korleis byen var før, og kor øydelagt den er no. Språket er enkelt og poetisk, og boka kan fint brukast som utgangspunkt for samtale om det å leve i krig.


Sara Kadefors: Billie - Du er best

Dette er bok nummer to i serien om Billie, som flyttar til ein fosterfamilie i den vesle byen Bokarp. Billie ynskjer å vere seg sjølv heile vegen, og gjer det ho kan for at menneska rundt henne skal ha det bra.

Den store konflikta i boka er forholdet mellom fostermora Petra og hennar bror, Jens. Dei snakkar ikkje saman, og fetrane Alvar og Douglas ser ut til å hate kvarandre. Kva er grunnen til dette?

Billie prøver å nøste opp i konflikta, og undervegs får ho både avisoppslag, oppdraget som fadder på skulen og noko som kanskje eller kanskje ikkje er ei forelsking. Opp i alt dette er saknet etter mora ei kjensle som kjem og går, og familien tek henne fortsatt med på familieaktivitetar ho syns er snåle.

Det er ei rimeleg lettlest bok for "tweens", og Billie er ein person som sprer godt humør - både i Bokarp og hos lesarane!

onsdag 7. februar 2018

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Under

Det er knapt mogleg å føre nokon lenger inn i dystopien sine mørke bakgater enn det Bang og Kvalvaag gjer i denne ferske ungdomsboka. "Under" er første bok i trilogien "Søsteranarkistane".

Boka har fire hovudpersonar, som på kvar sin kant spelar ei viktig rolle for å drive handlinga framover. Først av alt er det Ela, som av hovudpersonane er den mest framtredande. Ho er ein naturleg leiar, og vert raskt eit symbol på opprøret som blussar opp allereie i starten av boka.

Ela tilhøyrer og jobbar i ein underjordisk by. Handlinga er lagt til ei fjern framtid, der jordas befolkning har blitt nær utrydda heile tre gongar. Byen ho bur i består utelukkande av barn og ungdom. Frå tid til annan forsvinn eit og anna barn, og dei vert fortalt at dei har flytta til andre delar av byen. Ela avslører den grusame sanninga, og kjem i opposisjon til den diktatoriske leiaren Ingmor, som har sine eigne planar med dette merkelege samfunnet.

Dei andre hovudpersonane er Skåne, Vida og Sika. Skåne er ein barndomsven, som har blitt verva til å bli soldat. Denne rolla trivst han svært dårleg i. Vida hjelper Ela i kampen mot Ingmor, og viser henne at det finst fleire sider av byen enn ho har visst om. Til sist er det Sika, då, som knapt er å finne i forteljinga, men likevel spelar ei nøkkelrolle. Ho er Ela si veslesøster, og alt Ela ynskjer er å hjelpe henne ut av byen og i tryggleik. Først må ho finne henne att, og kan den mystiske "Gröna Engor" hjelpe henne med det...?

"Under" er ei fantasirik, dyster og språkleg fargerik bok. Ord og vendingar hentar inspirasjon frå både svensk og kinesisk (Byen heiter då også Zeijang-Volvo!), og nyttar moderne, lettlest nynorsk. Dette er ei bok for alle som er glade i fantasy og dystopiar, og forteljinga tilfører sjangeren noko heilt nytt!