torsdag 19. juli 2012

Txt-aksjonen 2012 - bokliste

 Kvart år arrangerer Foreningen !les ein leseaksjon, der dei deler ut gratis bok med utdrag frå mange av dei dagsaktuelle ungdomsbøkene på marknaden. Her er bøkene som er med i haustens txt-aksjon. Mykje bra og spennande lesing, og ganske god variasjon!

Ei artig bok om ein frisør som berre kan klippe hockeysveis og som elskar svensk dansebandmusikk, og då særleg Lazze Stefanz... Meir om boka her.















Bebe er ei svært lettlest og kort bok. Den tek opp eit tema som nok fleire vil kjenne seg att i, nemleg sjalusi. Bratlund skriv slik at vi får del i kjenslene til hovudpersonen Bebe, både dei gode kjenslene og dei dårlege.



Ei skremmande og tankevekkjande bok om ei dystopisk verd, der dei aller fleste er døde. Berre nokre få, overlevande er att, og dei to søstrene som er hovudpersonar i boka, må ut på ei farefull ferd for å få tak i medisinar og mat. Meir om boka her.

Himmelen begynner her er ei velskriven og poetisk bok om sorg og kjærleik. Om det å miste nokon ein er glad i, og finne ut korleis ein skal leve vidare. Meir om boka her.














Teikneserieroman. Jason teiknar på sin sedvanlege måte, og boka er på mange felt morsom, men ofte på ein noko morbid måte. Ei bok for dei som likar valdeleg humor.


I boka "Demonenes by" møter vi på vesen av mange ulike slag, blant anna vampyrar, demonar, alvar, varulvar og noko som vert kalla for skuggejegarar. Skuggejegarane er såkalla "nephilim", det vil seie halvt engel og halvt menneske. Det er skuggejegarane denne boka handlar om, i tillegg til sjølve hovudpersonen Clary Fray. Ho begynner å oppleve merkelege ting, og då mora plutseleg vert kidnappa, vert livet hennar snudd på hovudet. Ho får oppleve New York på ein heilt ny og skremmande måte...

Dette er første bok i ein ny fantasy-serie. Eg tippar at dei som likte Twilight-bøkene også vil like denne.




Dyster og humoristisk bok om ein haust på ein kostskule i Irland. Rektor strevar med å halde oppe den ytre fasaden til skulen, medan ungdomane vert svikta av dei vaksne på dei fleste måtar. I boka vert vi kjent med Skippy og kameratane hans i månadane før og månadane rett etter at han dør. Det er som sagt mykje mørke og forfall i boka, men den er skrive på ei måte som gjer den kjekk å lese likevel. Meir om boka her.








Enkeltståande fantasybok. Hovudpersonen Nora får ny sidekamerat i biologitimane, og etter det begynner ho å oppleve stadig merkelegare og nifse ting. Det vanskelegaste spørsmålet er kven ho kan stole på midt i alle dei urovekkjande opplevingane. Kven er den mystiske personen med finlandshetta, som dukkar opp på dei merkelagaste stader, og kvifor verkar det som om Patch, den nye sidekameraten, kan lese tankane hennar?

Denne boka vil nok appellere til dei same lesarane som Sirkelen, Twilight og Demonenes by.
 Harald Rosenløw Eeg skriv som regel annleis bøker, med handlingar og personar som ein må tolke og pusle saman som eit puslespel. Gyldig fravær er heller ikkje noko unntak. Som erfaren lesar forstod eg godt kven den hysteriske mannen som kom vaklande ut frå t-banenettet, med den dystre beskjeden, var. Eg er slett ikkje sikker på at mindre erfarne lesarar vil forstå det...
 Biografi frå den verkelege verda. Enaiathollah tilhøyrer ei forfulgt folkegruppe i Afghanistan, og mora får han smugla ut av landet. Då byrjar ei farefull og spennande reise som ender opp i ein by nord i Italia. På vegen vert han kjent med mange spennande personar. Vi fylger Enaiat si reise, og får innblikk i eit liv og ein røyndom som er fjern frå vår eigen kvardag her i Noreg.

Spennande og mystisk bok, der handlinga er lagt til eit øysamfunn på vestlandet. Hovudpersonen har nettopp flytta til øya, og vert kjent med eit spennande persongalleri. Ho vert vitne til mange spesielle og sære samtalar, handlingar og situasjonar, og forstår at det er eit eller anna som vert skjult for ho. Men kva?












Lene Kaaberbøl er forfattaren bak Skammarserien og boka Skuggeporten. No kjem ho ut med ein ny serie, som ho har kalla Villheks. I den første boka møter vi hovudpersonen, Clara, som ikkje veit at ho er ei villheks. Det oppdagar ho snart nok, og ikkje på den mest behaglege måten...

 Endeleg ei bok for dei som er hekta på dataspel! Det oppdikta spelet War of Faluza er ramma rundt boka, og vi vert kjent med ein vennegjeng som kjøper spelet og brukar mange timar på å spele saman. Ein dag dukkar den mystiske personen Will opp i speleverdenen, og venegjengen dannar saman med han eit guild, som raskt sankar mange poeng og går opp mange nivå i spelet. Etterkvart begynner det å skje mystiske ting også utanfor spelet, og det som begynner som uskuldig moro, vert plutseleg alvor. Blodig alvor.

Denne boka er ganske lettlest og kort, og vi som lesarar vert rivne med heilt frå starten. Røssland kan det å skrive spennande bøker.








I tillegg til desse er også desse to bøkene med, men dei har eg ikkje lest endå, så dei kan eg ikkje seie skrive så mykje om. Alt eg veit er at Morpurgo si bok også er komen ut som film, medan Mæhle si bok endå ikkje er gitt ut... 



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar