tirsdag 2. juli 2013

Taran L. Bjørnstad: Picassokvinnen

Angelika er einsam. Ho er ikkje som alle andre, og vil vere mest mogleg aleine. Ho vil spare seg for smerta ved å bli glodd på, bli sett ned på.

Angelika har eit syndrom som gjer henne annleis. Ansiktet hennar ser ikkje ut som alle andre sine ansikt. Difor gøymer ho seg vekk på rommet, og utgir seg for å vere ein heilt annan på internett. På nettet er ho grensesprengande, modig og framfus. På nettet tørr ho gjere alt det ho ikkje vågar i det verkelege livet.

Simen er hennar einaste venn. Simen er narkoman, og er sliten. For Simen er Angelika spesiell, og oppmuntrar henne og gir henne støtte. Han får henne til å love å utforske livet. Finne ut om det er verdt å leve.

Så er Simen borte.

Angelika må utfordre seg sjølv på eiga hand, med løftet til Simen som einaste drivkraft.

Boka "Picassokvinnen" teiknar eit nært og inderleg bilete av ei jente som er annleis. Ei jente som ikkje passar inn i vår kroppsfikserte verd. Ei jente som opplever å bli dømt - ut frå utsjånaden og ikkje den ho verkeleg er.

Eg likte denne boka svært godt. Først og fremst på grunn av det nære portettet som vert gitt av Angelika. Boka seier ikkje noko om kva slag syndrom ho har, før mot slutten, og det er berre fantasien som kan teikne opp utsjånade hennar. Likevel gjorde eg dette i liten grad, for tankemonologane og den sterke teksten dreiv forteljinga framover, og viser Angelika som ei ganske så normal jente. Inni er ho som andre, bortsett frå såra ho ber med seg og eit ansikt som skil seg frå andre.

Denne boka burde nesten vore obligatorisk for alle ungdomsskuleelevar å lese. Kanskje kunne den vere med på å utvide horisontar, og auke forståinga for dei som ser annleis ut. Det er som det heiter i songen: "Alle er forskjellig, men det er utenpå..." Inni går vi rundt med dei same spørsmåla og den same redsla for å bli utstøytt. Inni er vi like.