mandag 28. november 2016

Ida Jackson: Danielle

Det er ei sterk historie som vert fortalt i denne ferske ungdomsboka. Danielle er 16 år, og bur saman med ei mor som ikkje alltid klarar å ta lure val. Ho har som regel måtte klare seg sjølv, og har ein draum om å kunne lage kunst som betyr noko.

På Oslo Katedralskole, der Danielle no går førsteåret, vert ho kjent med Pia og William, og friskar opp att kontakten med den gamle veninna Ellinor. Saman prøver dei å ordne opp i problema som Danielle har rota seg opp i. Ho har nemleg fått den litt eldre eks-kjærasten på nakken, og mora gjer lite for å ordne opp.

Boka er rå, både når det kjem til handlinga, språket og presentasjonen av ei av samfunnets skuggesider. Miljøet er temmeleg langt frå noko eg sjølv kjenner til, og forhåpentlegvis langt frå dei fleste ungdomar sin kvardag også. Men det er ganske sikkert at det finst ungdom i liknande situasjonar, og denne boka kan bidra til auka innsikt i dette.

Boka passar best for dei som ikkje fryktar ein miks av kunst, seksualitet, politikk og dysfunksjonelle familiar.


søndag 27. november 2016

Roald Dahl: Vemmelege vers

Ei rykande fersk omsetjing av boka "Revolting rhymes" frå 1982. Her får du mange av dei klassiske eventyra i alternative versjonar, der Gullhår ikkje vert framstilt fullt så sympatisk som ho plar, og Raudhette ordnar opp i det meste - på sin eigen måte. Og Oskepott? Ho twerkar på festen til prinsen, men gir til slutt opp draumen om å vinne hans gunst då ho oppdagar at han er ein valdeleg gnitar...

Språkleg er denne boka heilt oppdatert, med referansar til både Skam, rap-poesien, gateslang og populære uttrykk adopterte frå engelsk. Boka er på nynorsk, og det er fantastisk å sjå at skriftspråket fungerar også i ei slik laussluppen og moderne setting.

Det er ein fordel å ha kjennskap til dei originale eventyra. Ikkje fordi dei er fasiten, men for rett og slett å forstå poenga! Og personleg må eg seie at det er kjekt å lese andre versjonar av eventyra. Sjangeren har dessverre blitt litt stiv i forma etter at forteljingane vart skrivne ned, men slike bøker kan vere med og bringe dynamikken tilbake. Her er det berre å setje seg ned og nyte både galskapen, forteljegleda og det friske språket!

tirsdag 15. november 2016

Skuleglimt

Når ein kjem gjennom morgonmørket og regnet, er det fint å sjå varme lys i skulebygningen!


"Den blå time" er heilt tydeleg ikkje berre om ettermiddagen, men også i tida før dagen tek skikkeleg tak!


Ei av dei mange flotte uglene som har flytta inn i 2. etasje på skulen:


Og så dagens ungdom, då... Eg forstår kva vedkommande har tenkt med denne beskjeden, skriven på tavla i ein ubevokta augneblink, men eleven burde kanskje vere hakket meir subtil...:



mandag 14. november 2016

Veronika Erstad: Kattejenta

Det er ikkje alltid at dette med vennskap er like enkelt. Særleg ikkje viss ein er svært ulike, og har ulike ynskjer for fellesskapet.

Denne fine bildeboka tek for seg dette emnet på ein måte som eg trur kan vere forståeleg også for dei yngste skuleborna. Hovudpersonen Ruth er nemleg ei kattejente; Ho trivst veldig godt aleine, og vil helst drive på med sine eigne ting. Ho har éin venn, Kristin, og Kristin er ei hundejente... Ho har mange søsken, er vant til å ha mange rundt seg og vil gjerne leike med Ruth heile tida!

Ruth har lagt ein plan for juleferien, og ho og katten skal drive med prosjektet aleine. Men så bestemmer foreldra at dei skal reise til Lanzarote, og plutseleg krasjlandar planane. Kva skal Ruth gjere då? Og kva skal ho gjere med Kristin som gjerne vil komme på besøk?

Boka er fint illustrert, og er eit godt utgangspunkt for samtale om ulike personlegdomar, ulike ynskjer og ulike måtar å tenkje vennskap på. Kanskje kan lesaren få ei a-ha-oppleving; Det er ikkje sikkert at alle tenkjer heilt likt som meg!?

søndag 13. november 2016

Kari Smeland: Familien Kråkestup og nyset i nabohuset

Familien Kråkestup er ein familie som bur eit godt stykke utanfor resten av bygda, men likevel saknar dei ikkje selskap. Viss du står ute i hagen og kikkar inn vindauget, vil du sjå at hos denne familien skjer det noko heile tida.

Dei seks borna i familien er alle tvillingar, og forfattaren har utstyrt familien med ei rekke ulike rollefigurar. Dei to eldste gutane er til dømes diamentralt motsette; Den eine er optimist og glad i å danse. Den andre er pessimist, og sit helst og les bøker.

Forteljinga startar då dei to yngste tvillingane snik seg ut om kvelden, for å spionere på det tomme nabohuset. Det bur ingen i dette huset, og det har det ikkje gjort sidan onkel Sigurd (som også bur hos familien Kråkestup) var liten gut. Men denne kvelden ser dei ein mystisk skugge, og høyrer eit nys... Og dermed er sirkuset i gong!

Forfattaren har her skrive ei fantasirik og artig bok, med mange sprø påfunn og flotte hovudpersonar. Det er noko Astrid Lindgrensk over det heile, og historia vil appellere til born heilt ned i dei lågaste klassestega. Likevel er vel dette ei typisk 8-12-bok. Det er også eit stort pluss at boka er på nynorsk, og språket er lett og greitt å lese.

torsdag 10. november 2016

Hilde Myklebust: Bjørkebokstavar

Hilde Myklebust har her skrive ei flott diktbok for barn! Dikta handlar i særleg grad om leik i og utforsking av naturen, og kan eigne seg godt til bruk i både norsk- og naturfag-undervisninga på barneskulen.

Sentralt i boka er det store bjørketreet, og boka sin eg-person har eit nært forhold til dette. Sjølv om samlinga består av enkeltdikt, er der også ein litt skjult raud tråd, og forholdet mellom egpersonen og bjørka er slett ikkje statisk. Det syner seg særleg den morgonen ho/han vaknar opp og ser at vinden har velta stortreet... All annan skade på hus og hage bleiknar etter denne oppdaginga!

Eit par av mine favorittar frå samlinga:

Hengebjørk

Eg heng
etter ei hand
frå ei grein
Kjenner vinden
bølgje i trekrona
Eg er ei kongle
eller ein knopp

Mor ropar frå trappa:
No kjem du deg ned!
Men ho veit då vel
like godt som meg
at dette er ei hengebjørk


Kross på halsen

Mor har redde armar
Ho held meg sterkt inntil seg
og kviskrar venen min
venen min
det der gjer du aldri igjen

Eg blundar mot mor
Er så trøytt
Ho har så mjuke hender
som stryk meg over håret
Held ein kald klut
mot den store kulen i panna

Og eg lovar henne
kross på halsen
at neste gong eg klatrar
til topps
skal eg ikkje falle ned


Boka passar godt for aldersgruppa 7 - 12 år, og kan vere ein fin introduksjon til god lyrikk.

tirsdag 8. november 2016

Bente Bratlund: Fly, Thea! Fly!

Bente Bratlund har skrive mange bøker for barn og ungdom, og denne boka frå 2015 glir lett inn i rekka med gode historier.

Vi vert kjent med Thea, som er fosterbarn. Mora er sjuk og klarar ikkje ta vare på henne. Medan mora er på sjukehus, får Thea bu i ein familie som skil seg kraftig ut frå det ho er van til heimefrå. Her er latter og glede, og ho får vere det barnet ho er.

Thea er glad i å teikne, og ein dag vert fostermora med henne på kunstutstilling. Der vert ei ny verd opna for henne, og ho forstår at ho kanskje kan bruke den vanskelege bakgrunnen til noko positivt. Når fostermora då i tillegg melder henne på eit malekurs, får ho verkeleg mange lyspunkt inn i kvardagen!

Eit anna lyspunkt er venninna Mathilde, som før Thea kom flyttande hadde kjent seg utanfor på skulen. Dei to finn saman i lengten etter å uttrykke seg, og kunsten spelar ei viktig rolle i vennskapet deira.

Dette er ei historie ein lett vert glad i, og det er fint å sjå korleis Thea "vaknar opp" når ho finn ein måte å uttrykke seg på, og også korleis forholdet til mora utviklar seg frå berre trist til eit lite "lys i tunnellen". Det er mykje håp i boka, og trass i dei trøblete tankane og det tunge bakteppet, endar det opp som ei feel-good-bok!

Passar særleg godt for aldersgruppa 9-13 år.

mandag 7. november 2016

Erna Osland: Hør! 21 forteljingar om Eli

Erna Osland er, etter mi meining, ein av dei beste barnebokforfattarane i dag. Ho kjem stadig ut med aktuelle bøker i mange ulike sjangrar.

Denne boka kom ut for nokre år sidan, og inneheld 21 forteljingar om ei jente som heiter Eli. I kvar forteljing spelar lydar ei viktig rolle. Lydane er ein del av Eli sin kvardag, og lesarane, som ut frå tematikken kan tenkjast å gå i 1.- 4. klasse, vil kjenne lydane att frå sin eigen kvardag. Vi møter Eli i mange ulike situasjonar, og her er både latter og gråt, undring, plagsame storebrør og skumle jenter på skulevegen.

Skrifta i boka er enkel, med korte linjer og setningar, og kvar forteljing er ganske kort. Difor eignar denne boka seg godt for unge lesarar som ikkje klarar lange tekstar. Den eignar seg også svært godt til høgtlesing for same målgruppe!

søndag 6. november 2016

Tone Almhjell: Maretorn

Til alle dei som las Vindeltorn, og skulle ynskje den var ein del av ein serie: Her kjem oppfølgjaren!

I den første boka vart vi kjent med Lin, som akkurat hadde flytta til ein ny by og vekk frå barndomsvenen Niklas. I den frittståande oppfølgjaren Maretorn er det Niklas som er hovudperson. Det er no sju år sidan mora døydde, og både Niklas og onkelen har tidvis vore plaga av sterke mareritt etter dette.

Ein dag møter Niklas eit grønøygd monster i skogen, og det er tydeleg at det er ute etter å ta han. På flukta vekk, møter han ei gaupe han har møtt før. Det nye er no at gaupa kan snakke med han!

Dette er berre starten på eit fantastisk eventyr, som både inneber trolljakt, fuglar i bur, ei drukningsulukke, svarte roser og ein vindeltorn som sviktar oppgåva si totalt. Spørsmålet er om Niklas klarar å rydde opp i farene som trugar, og samtidig få svar på alle spørsmåla han ber på om mora. Og det viktigaste spørsmålet han vil ha svar på: Kvifor ville ikkje mora møte han då ho skulle døy, og kalla seg sjølv for ein Maretorn?

Boka er like spennande som Vindeltorn, og også her er det flytande grenser mellom fantasi og røyndom. Og på lik linje med Lin, må også Niklas løyse eit oppdrag som verkar meir enn umogleg.

Historia passar for alle som likar fantasy, og kanskje aller best for aldersgruppa 10-14 år.

torsdag 3. november 2016

Fabrizio Silei: Rosas buss

Denne vesle bildeboka tek for seg eit sentralt kapittel i dei svarte sin kamp for like rettar i USA. Vi vert med ein liten gut og bestefaren på museumsbesøk, der dei ser på ein gamal, gul buss. Så begynner bestefaren å fortelje; Om raseskiljet, ku klux klan, Rosa Parks og den store bussboikotten.

Boka er ei interessant og fin reise tilbake i  historia, og formidlar hendingane på ein nær og forståeleg måte. Flotte illustrasjonar gir boka eit heilskapleg og kunstferdig uttrykk, og får fint fram både frykta og motet som prega hendingane.

Dette er ein god måte for born og ungdom å bli kjent med ein viktig del av historia på!

onsdag 2. november 2016

Rune Belsvik: Verdas søtaste turist

Verdas søtaste turist er den tredje boka om det vesle samfunnet Bløygen. Mange av innbyggarane har vore ute i den store verda og handla inn naudsynte ting. Blant anna har det no kome einvegs rulletrapp i butikken, og det er sett opp ein ny lyktestolpe.

Bidger har observert ein far og ein son, og no går han rundt med eit hemmeleg ynskje om å bli far sjølv. Problemet er berre at han ikkje veit korleis det skal gå til. Då er det berre ein ting å gjere; Han må søkje råd i Trøbbelkiosken. Dessverre veit heller ikkje Bøttefanten korleis ein vert far, men heldigvis finn han ei bok med gode råd om emnet...

Det store temaet i denne boka er sex og seksualitet, og på den sedvanlege naivistiske og undrande måten får forfattaren sagt mykje klokt om temaet. Boka kan eigentleg brukast som ei "lærebok" i seksualitet, og burde blitt lest av alle elevar på mellomsteget. Her vert det teke opp både kva som er greitt og kva som ikkje er greitt, og mange ulike tankar og innfallsvinklar til temaet.

Det er mykje humor i boka, men under humoren ligg det eit djupt alvor. Dette er ei bok som bør lesast!


tirsdag 1. november 2016

Leste bøker: Oktober 2016

Oktober har vore ein månad med eit verkeleg djupdykk inn i den nynorsk barne- og ungdomslitteraturen! Her er bøkene i den rekkefølgja dei vart lesne:

1) Harald Nortun: Eksperimentet

Amund og Amanda er tvillingar, og skal tilbringe ei veke på ferie hos besteforeldrene. På toget bestemmer dei seg for å skifte identitet, og late som dei er den andre. Forsøket er vellykka; besteforeldra lar seg lure, og dei er klare for å avslutte leiken. Men så kjem to born frå nabohytta på besøk...

Det er ikkje så lett å kome seg ut av eksperimentet, og det heile ballar på seg. Det endar med at dei har den andre identiteten heile veka.

Ei fin bok som tek opp spørsmål om identitet, personlegdom og forventningar med bakgrunn i kjønn.




2) Erna Osland: Ta 100 steg og få ein venn

I boka er det samla fleire korte tekstar som på på kvart sitt vis belyser temaet vennskap. Det er ei novellesamling, og kan vere eit godt førstemøte med sjangeren for lesarar på mellomsteget/tidleg ungdomssteg.












3) Erna Osland: Kyss ein bokstav

Også dette er ei novellesamling, retta særleg mot elevar på mellomsteget og tidleg ungdomssteg. Tema i boka er kjærleik, og i kvar novelle spelar ord og bokstavar ei viktig rolle.













4) Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er

Ei heilt ny og fin diktbok for born i alderen 9-13. Boka består av fire delar, og kvar del representerar ei årstid. Innhaldet i mange av dikta kan relaterast til årstida. For eksempel er diktet som er kalla "skulestart" plassert som siste dikt i sommardelen.

Språket i boka er lyrisk og lett. Det er ei fin bok å bruk i til dømes norskundervisninga, der ein kan lese dikta saman og snakke om innhaldet.

Eit dikt frå boka:

Stemmene inni

stemmene inni meg
masar verre enn
mamma og
pappa

hei hei, seier ei
nei nei, seier ei

ver glad, ver trist
ver snill, ver vill
ver god, ver slem
spring, stans!

så mykje som kan
gå gale, seier dei

ritsj ratsj rutsj, masar dei
til eg klatrar opp i eit tre
set meg og ser utover

då blir dei stille

5) Magnhild Bruheim: Motorsykkelmysteriet

Dette er første boka i ein ny detektivserie. Hovudpersonane i boka heiter Stian og Stine. Dei er stesøsken, og har nettopp flytta inn i nytt hus saman med foreldrene og Stian si storesøster.

Ein kveld skjer det mystiske ting rundt huset; Klede vert stolne, og ein gut vert køyrt ned av ein motorsyklist. Rett i nærleiken er det sett opp ein Romleir, og det er delte meiningar om denne. Stina og Stian må finne ut kven den mystiske motorsyklisten er, og kven det er som plagar menneska i romleiren.

Ei spennande bok, med både ytre og indre spenning. Ikkje alt er tipp topp mellom dei to stesøskena, og aller minst med situasjonen er Stian si storesøster, som ikkje vil at dei skal forske vidare. Kan det hende at ho kjenner motorsyklisten?


6) Rune Belsvik: Verdas mest forelska par

Den første boka i serien om den vesle bygda Bløygen. Der bur det 13 menneske, og alle har sin faste plass i samfunnet. Bidger og Esmiluni er det forelska paret i bygda, og ordføraren vil at dei skal vere med i ein konkurranse. Kanskje kan bygda bli kjent og få besøk av turistar?

Problemet er berre at Bjørn Disel på bensinstasjonen også er forelska i Esmiluni, og det er ikkje alltid at ein konkurranse i det å vere forelska er det beste for forholdet...

Ei naivistisk og morsom bok, med godt språk og gode karakterar.





7) Ingunn Røyset: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Dagny gruar seg til første dag på ny skule, og ynskjer seg tilbake til krigen som bestemor fortel om. Det skulle ho kanskje ikkje gjort, for dagen etterpå vaknar ho opp nettopp i krigen. Ho har fått kroppen til bestemora, og må leve hennar liv nokre dramatiske dagar under 2. verdskrigen.

Boka tek opp tema som mobbing, mot og empati, og gir eit godt innblikk i kvardagen under okkupasjonen.








8) Kari Smeland: Sirkus Spetakkel

Dette er ei fantasirik bok med ei spennande og humoristisk forteljing. Ada har reist langs landevegen saman med dei to sirkusonklane sine så lenge ho kan hugse. Dei kallar seg Sirkus Spetakulær, og reiser alle stader, så nær som til byen under fjella.

Ein dag møter Ada Rottekjeften, som bestemmer over sirkuset i byen under fjella. Han arrangerer ein konkurranse, og tvingar Ada til å delta. Sirkus Spektakulær reiser til byen, og prøver å befri Ada si mor, som Rottekjeften held fanga.

Det fører til mykje spetakkel og dramatikk, og dei varierte og festlege karakterane i boka driv handlinga framover.



9) David Walliams: Tante Grusom         (bokmål)

I god Walliams-stil byr boka på utspekulert vondskap, dristige handlingar og ikkje minst mykje galskap og humor!

Stella vaknar opp i senga si, og oppdagar at ho har vore i koma i fleire månadar, og at kroppen er heilt innsurra i bandasje. Tante Alberta kan fortelje at foreldrene er døde, og etter kvart finn Stella ut at det må vere Alberta sjølv som har drepe dei. Spørsmålet er berre: Kvifor i all verda held ho Stella i live (riktignok fangenskap), når ho heilt openbart ynskjer å ta over herregården dei bur på og som foreldrene til Stella eigde? Kva er det Stella har som tante Alberta vil ha tak i?

Stella må stoppe tanta, og måten ho gjer det på er ... ja, tvers gjennom Walliamsk!



10) Torborg Igland/Amund Hestsveen: Offeret       (bokmål)

Den tredje og siste boka i Beta-serien. Beta-rørsla brer om seg, og kampen mot diktaturet ser ut til å spreie seg. Likevel verkar det som ein ganske håplaus kamp å kjempe. Kodak sit i fengsel, Livni er i ferd med å bli avslørt som spion og Jor er i ferd med å bli henta inn av foreldra og barndomsvenninna Majke.

Og på øya vert stemninga stadig meir militant.

Det er ei spennande og intens avslutning på trilogien, og slutten nøstar opp dei fleste lause trådar i boka!




11) Solveig Blindheim Bendixen: Teo i trøbbel

Teo går i 1. klasse, og kan ikkje symje. Dette syns han er flaut, så han lyg på seg at han kan det. Når dagen for symjeundervisning er der, stikk han av og klatrar opp i eit tre. Der sit han og nektar å komme ned. Til slutt er han så kald at han mister taket, og dett ned og bryt beinet.

På sjukehuset lærer han å symje, og møter opp til symjeundervisninga med nytt mot i slutten av forteljinga!

Ei fin bok for barn i tidleg skulealder. Det er nok fleire som kan kjenne seg igjen i Teo si frykt.





12) Rønnaug Kleiva: Andre sida av Paris

Hovudpersonen i boka, Susi, har ingen nære vener, og det er lett for dei andre i klassen å skvise henne ut og mobbe henne. Ho skulle ynskje ho budde i ein stor by, som Paris, slik at ho berre kunne flytta til ein annan bydel og ein annan skule.

Ein dag byrjar Nazan i klassen hennar, og Susi får endeleg ein ven å stå saman med. Det gjer heile forskjelen.

Også mora vert utsett for trakasseringar, og boka tek opp problemet ut frå både eit ungdomsperspektiv og eit vaksenperspektiv.





13) Bjarte Bjørkum: Elg i solnedgang

Dette er utan tvil den særaste boka eg las denne månaden. Det er mykje humor, men av og til litt overdrive for min smak.

Thomas er på besøk hos bestefaren i sommarferien, og dei møter på ein elg som verkar noko utanfor. Dei tek han med heim, men det er ikkje så lett å ha ein elg med identitetskrise i huset. Og det blir slett ikkje lettare når pressa finn ut at elgen bur der...

Ein kan vel seie at boka handlar om å godta seg sjølv som den ein er.






14) Bertram & Schulmeyer: Coolman og Kai

Kai har ein fantasiven (Coolman) som stadig lokkar han ut i galskap og fare, og gir han råd som stort sett ikkje er til hjelp. Snarare tvert om.

Når foreldrene skal bort i helga, og søstra planlegg open fest i huset, går det heilt over styr, og Kai må ordne opp.

Dette er ei humoristisk bok, og forteljinga er fortalt som tekst og teikneserie, og dei to forteljemåtane utfyller kvarandre.







15) Berit Rødstøl: Frøppeldunk

Ea og mora reiser som vanleg på sommarferie til campingplassen Frøppeldunk. Der møter dei att dei same menneska som er der kvart år, men dette året er noko annleis. Den gode fiskeelva er tørrlagt, og etterkvart byrjar å fargane å forsvinne - ein etter ein.

Lars, ferievenen, og Ea må finne ut kva som skjer, og prøve å få fargane tilbake!

Ei både morsom og spennande bok for elevar på mellomsteget.





16) Christian Wiik Gjerde: Jakta på firkløveren

Handlinga i boka er lagt til ei lita bygd ytst i havgapet, og dei einaste to gutane som bur der er Alvar og Jens. Dei har klubb saman, og er besteven med gamle Gulla på butikken. Dei spring rundt i tøfler, og Jens bergar Alvar stadig vekk frå fiolinspelinga.

Ein dag flyttar det ein ny gut til bygda, og maktbalansen blir forskyvd. Jens vil berre spele fotball saman med Magnus. Alvar vert skvist ut, og sommaren blir ikkje så god som han hadde håpa.

Tema i boka er venskap og uvenskap, og problematikken er nok kjent for mange i same aldersgruppe (9-10 år). Boka har både humor og varme, men er til tider også både sår og spennande.


17) Erna Osland: Gullfalken 

Ei splitter ny eventyrbok, med ni splitter nye eventyr! Erna Osland skriv godt for barn, og i denne boka kan ein lese fantasifulle og lærerike forteljingar.

Eventyr er ikkje ein statisk sjanger, men ein sjanger som i århundra har vore i stadig utvikling. Difor er det godt at det kjem nye eventyr som kan vere med og utvide horisonten!









18) Torvald Sund: Fuglefangartreet

Dette er ei bok som i stil kan likne litt på både Roald Dahl og David Walliams. Hovudpersonen skal overnatte hos bestemora i helga, og han er livredd. Bestemora er nemleg ikkje som andre bestemødre... Ho er beinhard, og set han til å hogge ved med ei sløv øks. Dagen etterpå snakkar ho om å feite han opp - og snart oppdagar guten den onde planen som bestemora er i ferd med å setje ut i livet; Ho skal gje han som mat til det kjøttetande treet bak huset!

Dette er same groteske historia som Dahl eller Walliams kunne skrive, men det er ein viktig forskjell - denne bok brukar ikkje humor som verkemiddel. Personleg meinar eg at ei slik forteljing kunne hatt god nytte av nettopp humor.



19) Rune Belsvik: Tøddel Blisterplytt

Dette er den andre boka som handlar om dei tretten innbyggjarane i den vesle bygda Bløygen. Det dei frykter aller mest er i ferd med å skje; Keisemda er i ferd med å flytte inn og ta grep i bygda, og ordføraren forstår at noko må gjerast. Samtidig mister postbudet kosedyret sitt, Laudermann. Det er hotelleigaren som finn det, og gir det namnet Tøddel. Seinare hamnar dyret hos ordføraren, som gir det endå eit nytt namn: Blisterplytt.

Journalisten i bygda held på å gå tom for idear, og byrjar å spionere på folk for å finne nok stoff til avisa. Då ho tek bilde av ordføraren og hotelleigaren som sit i lag i ein sofa og kosar med Tøddel Blisterplytt, har ho endeleg gjort eit scoop. Og artikkelen om kosedyrleiken gjer at det endeleg byjar å skje noko i den vesle bygda...

Ei naivistisk, humoristisk og fin forteljing!