fredag 16. desember 2016

Kenneth Steven: Løynde ting

I denne fine diktboka for born er det sansane og det å oppleve verda kring seg som står i sentrum. Dikta tek for seg nettopp det boktittelen seier: Løynde ting. Alle detaljane og tinga i kvardagen som vi kanskje ikkje legg merke til eller får med oss til vanleg.

Fleire av dikta handlar om dyr, og då dei dyra vi sjeldan ser; revar og rotter, svalar og edderkoppar, kvalar og flaggermus. Her er dikt om sølepyttar, kviskring, den vesle elva, frostmorgonar og ting vi kan sjå i mørket.

Boka er oversett til norsk av Per Olav Kaldestad.

Eit eksempel frå boka:

Hugs

Livet handlar om dei små tinga,
glimesteinar kring føtene.

Bli vekt av solskinet,
kirsebærangen om våren.

Gå inn i morgonskog etter kveik,
medan sola strålar på skrå frå himmelen.

Å mata raudstrupen i februarsnøen
og lytta til den lyse juvelklangen i songen.

Å følgja med når nokon kjem heim frå skulen
med ei hand full av kastanjer og ei lang forteljing.

Å lytta til den store ånda i vinden
i brytekamp med trea gjennom natta.

Å le når regnet piskar i store rørsler
og springa leande gjennom haustskurar.


onsdag 14. desember 2016

Martina Gaux: Jeg er ikke

Denne ferske ungdomsboka til Martina Gaux har eit svært spennande utgangspunkt: Hovudpersonen vaknar opp på gata etter å nesten ha blitt påkøyrd av ein drosje. Ho unngår fysiske skader, men etter hendinga kan ho ikkje hugse nokon ting! Alt er nulla ut; ho kjem ikkje ein gong på sitt eige namn.

På seg har ho eit nøkkelknippe, og eit brev adressert til broren hennar. I brevet er det ei adresse, og denne vert utgangspunktet for jakta på sanninga om kven ho er.

Etter kvart møter ho personar som har vore ein del av livet hennar, og ho oppdagar gradvis kven ho er. Ikkje alt er like lett å ta inn over seg, og det vert ei smertefull reise tilbake til sin eigen identitet. Dessutan oppdagar ho at ein del ting hadde det kanskje vore like greitt å ikkje vite noko om.

Tema i boka er identitet: Kva er det som avgjer kven ein er som person? Kor mykje har ein kontroll med sjølv, og kor mykje kan omgjevnadane styre? Kor mykje spelar sosial status, tru, nasjonalitet, språk, kjønn osv inn på den ein er?

Det er ei utfordrande bok, og ein spennande innfallsvinkel til tema. Det som gjer boka ekstra god, er at vi som lesarar ikkje veit noko meir om personen enn ho gjer sjølv og det ho etter kvart finn ut. Dermed vert vi med på reisa inn i identiteten, og det er spennande å finne ut kva som er sanninga om fortida hennar!

tirsdag 13. desember 2016

Marit Kaldhol: Zweet

Den lokale fabrikken har ein svær gasslekkasje, og området rundt vert evakuert. Der ligg blant anna den lokale ungdomsskulen, og elevane vert køyrde vekk i buss. Alle, med unntak av Lill Miriam. Ho spring i stikk motsett retning, og har laga seg sin eigen versjon av det som hender. Ho låser seg inne på sin hemmelege gøymeplass, og det vert sendt ut leitemannskap for å finne henne.

Susan ber på ein tung hemmelegheit, og prøver å takle krisa på sin eigen måte. Ho må bestemme seg for om ho skal seie det ho veit. Kanskje kan det berge Lill Miriam.

Den tredje hovudpersonen i boka heiter Ruben, og er halvt cubansk. Han har ikkje heilt innpass i gutegjengen, og har det siste året vorte god ven med Lill Miriam. Han er kanskje den einaste som veit korleis ho tenkjer, og han er bekymra.

Denne boka tek opp to viktige tema; Korleis vi menneske møter og behandlar dei som er annleis enn oss sjølve, og korleis menneska sitt jag etter større avlingar er som å sage over greina vi sit på. For denne boka handlar også om bier, og den krisa vi er i ferd med å oppleve i verda. Det er nemleg fleire og fleire biekoloniar som kollapsar, og utan biene kan vi ikkje produsere mat.

Dette er ei viktig ungdomsbok, og den bør lesast!

fredag 9. desember 2016

Aina Basso: Ingen må vite

Dette er debutboka til forfattaren, og kom ut i 2008. Det er ei både lettlest og gripande bok. Ingeborg opplever det ingen ungdomar bør oppleve; ho vert misbrukt av stefaren, og lever eit dobbeltliv i forhold til omverda. Ho er forelska i Mikkel, som hjelper henne ein dag ho er ute og dett på isen. Etter kvart vert Mikkel forelska i henne også, men stefaren sine handlingar står i vegen for kjærleiken.

Handlinga er lagt til året 1734. Blodskam er ein forbrytelse av verste sort. Den hemmelege skamma må bli kjent, med alvorlege konsekvensar for alle.

Språket i boka er lett, og kapitla er korte og luftige. Lesaren får bli med inn i ei sterk, vakker og sår historie, og kan lære litt om forholda somme ungdomar levde under for tre århundre sidan samtidig. Bør lesast!

Det nye mørket


alle tause silhuettar
skuggar i det tomme rommet
jagar meg
hånar meg
gjennom regntunge skogar
om natta
- tungt dreg eg pusten, slår opp auga
ser inn i mørket
kjenner det ville hjartet banke

(skriv det ned, penn
i ville kaskadar
la orda strøyme
som virvlande vindar
over papiret
som i ein ustoppeleg tarantella
gjennom hjernevindingane)

opnar døra på gløtt
hjartet er ei dundrande pauke
blodet strøymer
i årene mine
så varm så varm
likevel er huda kald
fuktig;
opnar døra
ser inn i mørket
ser inn i den gapande trollkjeften
gang på gang på gang på gang …

(å, la orda binde meg
la orda surre meg
la orda bere meg som på ei båre
ned dette fjellet
som berre var ein ås
då eg gjekk opp)

sakte går eg inn i alle nye rom
- her er ingenting
som før,
desse unaturleg stille
tause silhuettane
i mine svarte draumar,
kviskrar – inntrengjande
på terskelen
til det nye mørket:
nu er der noget som hender –


søndag 4. desember 2016

Holly Black/Cassandra Clare: Kobberhansken

Dette er den andre boka i serien om Call, Aaron og Tamara. Dei tre ungdomane er elevare ved trollmannskulen Magisteriet. Dei er ferdige med det første året, og Call gledar seg til å starte opp att etter sommarferien. Ting vert likevel ikkje heilt som han hadde tenkt, og vennegjengen står igjen ovanfor store farar. Konfliktpunktet i denne boka er koparhansken, som vert forsøkt stelt frå Magisteriet, og Call mistenkjer at det er hans eigen far som står bak. Koparhansken er ein farleg gjenstand, og det er særleg Call og Aaron som er i fare om den kjem på villspor.

Vennene legg ut på ei farefull ferd for å stoppe faren til Call. Med seg i reisefylgjet får dei også den overlegne klassekameraten Jasper, og dei risikerer heile vegen at han skal velte planane deira.

Det eg likar aller best med Magisteriet-serien, er at konfliktene er like mykje på det indre planet som i det ytre. Call strevar med kunnskapen om kven han eigentleg er, og det er ikkje sjølvsagt at det er "dei onde" som står bak ondskapen. Menneska er samansette, akkurat som i det verkelege livet, og det er vanskeleg å skilje mellom kven som er venn på ekte og kven som latar som, og det er ikkje godt å vite kva som er den objektive sanninga. Etter denne andre boka sit eg att med eit endå meir komplekst bilde av dei ulike personlegdomane!

Boka passar godt for seint mellomsteg/ungdomsskule, og lesarar som er glade i Harry Potter, Drakeguten og Endgame trur eg vil like også denne serien!

torsdag 1. desember 2016

Leste bøker: November 2016

Då har november reist og lukka døra etter seg, og det er tid for å summere opp leselista! Også denne månaden er barne- og ungdomsbøkene i fleirtal. Desse har skrive eigne omtalar om allereie, og du kan finne omtalane ved å klikke på titlane lenger ned i dette innlegget. Utanom barnebøkene har eg lest desse bøkene:

 Elena Ferrante: Historia om det tapte barnet

Dette er fjerde og siste bok i "Napoli-kvartetten", og hovudpersonane Elena og Lila er no godt vaksne. Elena flyttar tilbake til Napoli for å bu nærare Nino, men ting vert ikkje heilt slik ho hadde tenkt.

Lila har blitt ei verkeleg utfordring for mafiabrødrene Solara, og i bydelen kan ein no ane ei viss splitting; dei som held seg til Solara-brørne, og dei som satsar på at Lila skal ordne opp. Så spørs det berre om ho har makt nok til å stå imot.

Parallelt med Lila sin kamp, slår Elena seg opp som forfattar, og oppdagar at det er både fordelar og ulempar ved å vere ein person med status i bydelen.

Som tittelen indikerar, vert det tøffe tak i denne boka. Og mot slutten nærmar vi oss punktet der prologen i bok nummer ein starta, og det store spørsmålet er (og som eg sjølvsagt ikkje skal røpe her) om vi får svar på kor Lila har blitt av...

Diktantologi: Ren snø

I denne boka kan vi finne ei samling med dikt og småtekstar med utgangspunkt i den norske vinteren. Somme av tekstane er klassiske og kjente, og andre er ganske nyskrivne. Blant anna kan vi lese fleire dikt frå pennen til Esther Moe!












Inger Wold Lund: Ingenting skjedde

Også dette er ei diktbok, og inneheld ei rekke glimt inn i kvardagssituasjonar og samtalar. Viss eg les tekstane enkeltståande, får eg ikkje så mykje ut av dei, men samla utgjer dei ein heilskap og teiknar eit variert og innhaldsrikt bilde av eg-personen.

Som tittelen indikerer, er det ikkje storslåtte og markerte hendingar som vert omtala her. Det er dei tinga som berre skjer på vanlege dagar, og som ein ellers går raskt forbi og gløymer. Forfattaren har klart å få noko fint ut av desse ubetydelege hendingane!





Utanom desse, har det som sagt blitt lest ein del barne- og ungdomsbøker. Viss du trykkjer på lenkjene under bildene, vert du leia vidare til omtalar av dei enkelte bøkene:


Rune Belsvik: Verdas søtaste turist
Fabrizio Silei: Rosas buss
Tone Almhjell: Maretorn


Erna Osland: Hør! 21 forteljingar om Eli
Bente Bratlund: Fly, Thea! Fly!
Hilde Myklebust: Bjørkebokstavar

Ida Jackson: Danielle   
Veronika Erstad: Kattejenta    
Kari Smeland: Familien Kråkestup
Roald Dahl: Vemmelege vers