lørdag 20. september 2014

Divergent-trilogien - Veronica Roth

Viss du har tenkt å lese berre ein fantasy-dystopi-trilogi dette året, er Veronica Roth sin Divergent-serie langt frå det dummaste valet du kan gjere.


I boka vert du kjent med Beatrice Prior, ei seksten år gamal jente fødd inn i ein svært klassedelt by. Det finst fem ulike fraksjonar å velje mellom. Beatrice høyrer til den mest oppofrande fraksjonen. Alle som tilhøyrer "Abegnation" må gje avkall på seg sjølv, og søke å gjere det som er best for andre. Heile hennar oppvekst er prega av denne tanken. No er ho altså blitt seksten år gamal, og skal delta i ein seremoni der ho må velje kva for ein fraksjon ho vil tilhøyre. Før dei gjer valet, går dei gjennom ein test som skal vise kor personlegdomen deira passar best inn: Blant dei lærde i Erudite, dei ærlege i Candor, dei venlegsinna i Amity, dei oppofrande i Abegnation eller blant dei fryktlause i Dauntless. Det verste som kan skje, er at du hamnar blant dei fraksjonslause. Då er det du stengt ute frå det gode selskap for alltid.

Beatrice passar ikkje inn nokon stad, og gjer eit val som endrar heile hennar verd. Frå då av begynner snøballen å rulle, og det viser seg at det boblar under overflata i byen. Store ting er i gjære, og Beatrice, som no kallar seg Tris, og venene hennar må bruke alt dei har av kløkt og mot for å redde situasjonen.

Verda og premissane for forteljinga vert endra og utvida for kvar bok i serien. På den måten får vi som lesarar eit stadig større overblikk over kva som eigentleg går føre seg. Og det er ingen lettvinte svar i Veronica Roth sin trilogi. Dette er det eg likar aller best med serien; Det er ikkje så godt å seie kven som er dei gode og kven som er dei onde. Verda er ikkje svart kvitt, og det er litt godt og litt vondt i alle. I tillegg: Korleis kan ein vite at dei som handlar på "det gode"-si side, verkeleg gjer det som er godt? Det er mange val å måtte ta stilling til, og hovudpersonane går gjennom ei enorm indre reise frå først til siste blad.

Det mest spennande i bøkene, for meg som vaksen lesar, er å følgje refleksjonsrekkene og konklusjonane til personane i bøkene.Ofte  gjer dei mot sine eigne val. Andre gongar veit dei ikkje kva dei vil, før det er for seint. Eller nesten for seint. Og så er det dei gongane dei er sikre i si sak, og handlar, men ser etterpå at handlingane slett ikkje var gode...

Kor oppsummert: Ein velskriven og spennande serie, med komplekse tankerekker og lite svart/kvitt-tenking. Ungdomsbøker du kan risikere å bli klokare som menneske av å lese!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar