tirsdag 30. september 2014

Alle mine bibliotek

Ein tekst med denne overskrifta kunne blitt veldig lang. Den kunne blitt så lang at du hadde sovna før du kom halvvegs, for det er verkeleg ein del bibliotek i livet mitt. Og eg har mykje å seie om dei.

Eg kunne for eksempel skrive mykje, svært mykje, om folkebiblioteket i barndomsbygda mi, Balestrand. Eg kunne fortalt om lånenummer, bokposar, sjakkspel, kopiering til skuleoppgåver, den store overgongen det var å skulle leite etter bøker i dei vaksne hyllene og om den koselege bibliotekaren Svanhild, som mange gongar hjalp meg med å finne bøker.

Vidare kunne eg fortalt om biblioteket i Ålesund, som sant å seie redda meg frå å dø av keisemd sommaren 1999, og der eg for alvor fekk opp auga for gleda ved å lese noveller. Biblioteka på Lillehammer og i Kirkenes høyrer også naturleg med på lista. Eg gjekk inn i førstegangstenesta med ei bok i handa (den fullførte eg for øvrig aldri (Beklagar Erlend Loe, men L var ein liten nedtur etter Naiv super), noko eg derimot gjorde med ei rekke andre bøker i løpet av året i grønt).

Så er det sjølvsagt biblioteket i Bergen. Og det i Åsane. Og det på Straume. Og det på Svortland. Eg har ein del lånekort liggjande å slenge...

Til slutt kunne eg skrive mange varme ord om biblioteka her i Suldal. Først og fremst biblioteket i Erfjord, som eg var heldig å bu berre 50 meter frå i åtte år... Det var kortreist leseglede. Også skulebiblioteka i Erfjord og på Sand, og hovudbiblioteket på Sand skulle fått ein god del rosande ord. Det er bøker, så ufatteleg mange bøker, og eg kjenner det, faktisk, av og til som å gå inn i ein godtebutikk når eg trør over dørstokken til ei god boksamling. (Då kan de tenke dykk kva eg har følt dei gongane eg har besøkt bokbyen i Fjærland...)

Vel, alt dette kunne eg skrive om. Men eg skal ikkje det. Eg vil skrive om dei to tinga som har vekt lesegleda i meg. For det er nemleg først og fremst to, sentrale element som har spelt inn:

For det første er det foreldra mine. Dei leste for meg, kjøpte bøker til meg, oppfordra meg til å lese, tok meg med på biblioteket og ikkje minst, dei gav meg rom til å lese. Eg har mange gode minner frå lange søndagar i skinnstolen heime (sjølvaste hovudlesestolen...), då eg pløygde meg veg gjennom Hardy-gutane, frøken detektiv, Ellis og Cooper, Davy Crockett, Barney Buck, "Historien om..."-serien, juniorbokklubben-bøker osv. Dei, altså foreldra mine, let meg utvikle meg fritt som lesar, og det er ei av dei beste gåvene dei har gitt meg.

For det andre må eg nemne dette:


Tilgangen til bøker!

Og at nokon har tid til å sortere dei, finne dei fram, låne dei ut og setje dei på plass att når ein er ferdig.

For skal vi lære dei unge å bli gode lesarar, treng vi i realiteten å gjere "berre" to ting: Skape leselysta hos dei, og gje dei tilgang til bøker. Mange bøker. Så mange bøker at dei alltid vil finne ei bok som dei har lyst til å lese akkurat der og då. Og bøker som evnar å møte den enkelte på sitt nivå.

Verre er det ikkje.

Men det fordrar altså at dei har tilgang til gode boksamlingar i tilgjengelege bibliotek, og at der er bibliotekarar som har tid til å hjelpe dei å finne bøker.

Så takk, foreldrene mine! Takk, Svanhild, Irene og alle andre bibliotekarar eg har møtt på min veg, som har hjelpt meg å finne gode bøker! Og takk, kjære kommunar eg har budd i, som har heldt opne gode bibliotektilbod eg har kunne boltre meg i! Måtte dagens ungdom, i Suldal, få same sjansen!

(Viss eg hadde hatt betre tid, skulle eg under her ha skrive ei liste over gode bøker eg gjerne anbefalar andre å lese. Bøkene på lista ville koste om lag 200 000 kroner. Sjølvsagt heilt tilfeldig.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar