mandag 4. juni 2012

"Hockeysveis fører til dårlige rim"

Eg har nettopp lese ei temmeleg snodig og artig ungdomsbok, ei bok som mest av alt handlar om hockeysveis, kjærleik og rim! Siv Wyller har i boka "Hockesveis fører til dårlige rim" skrive det næraste eg nokon gong har lese ein hyllast til hockeysveisen.

Hovudpersonen i boka heiter Lazze, og er byens kuule og populære frisør. Han kan eigentleg berre klippe hockeysveisar, men har eit imponerande stort utval av ulike hockeysveisar han kan klippe! Kvardagshockey, festhockey, bryllaupshockey, gravferdshockey, kontorhockey, bingohockey, krisehockey, hentehockey, friskushockey, kioskhockey, dansehockey, kyrkjehockey, kyssehockey... Lista er endelaus!

Lazze elskar dansebandmusikk, og då særleg den svenske dansebandgruppa Lasse Stefanz, som etterkvart får ei svært sentral rolle i boka.

Den humørfylte og populære frisøren, som klipper hockey på heile byen, har eit stort problem. Han er glad i rim, og lagar rim i dei fleste situasjonar, men det er to situasjonar han aldri taklar: Når han er nervøs, og når han skal seie noko viktig. Då kjem rima forferdeleg dårleg ut, og han lagar rim som fornærmar alle og ein kvar.

Eit år før historia i boka startar, gjekk Lazze på ein kjempesmell. I starten av boka vert det berre referert til som det som skjedde. Vi forstår at det var noko fælt, og etterkvart får vi vite kva det er. Episoden fører til at kjærasten hans rømmer frå byen, og vil ikkje ha noko meir med han å gjere. No har det gått eit år, og Gunn skal komme tilbake. Lazze får hjelp av Gunn si niese, og saman lagar dei ein flott song som skal smelte hjarte hennar. Songen skal framførast i kyrkja, og starten går veldig greit. Men så får han negative tilrop frå salen, frå mora til Gunn, og Lazze vert forferdeleg nervøs. Slik går det då:


Etter denne totale fadesen, er det ingen som ynskjer å gå med hockey lenger. Hockeysveis fører nemleg til dårlege rim, og det vil dei ikkje ha noko av. Dagen etterpå troppar difor alle opp for å få klipt vekk sveisen, og Lazze har ikkje noko val...


















Som om det ikkje er komplisert nok for Lazze som det er, får han konkurranse frå den skalla presten. Det har alltid vore noko mystisk med han, og ein dag avslører Lazze ein mystisk løyndom på bakrommet i kyrkja:

Presten har skuffe på skuffe på kjeks, og han held på å skrive ei bok som han vil kalle "Kjeks i Bibelen". Der skal han vise kor mykje kjeks Jesus eigentleg åt! Han åt verken fisk eller brød, han åt kjeks!

Dette er jo ein herleg dobbel klangbotn for dei som fyl med på det som rører seg i samfunnslivet...

Etterkvart skjer det fleire mystiske ting. Presten kjøper inn enorme mengder med mjøl og sukker, og får besøk av ein mystisk mann med stresskoffert.

Lazze er isolert frå resten av samfunnet etter fadesen i kyrkja, og tek kontakt med Lasse Stefanz for å få hjelp.

Og medan frisøren og Lasse Stefanz legg planar for å få Gunn tilbake, arrangerer presten og foreninga "Kjeksens venner" ein stor Kjeksfestival i byen!



Så spørs det då om Lazze klarar å overvinne den kjeksgale presten, den supersure "svigermora" og ei veldig fornærma Gunn. Og om det er lurt å innvolvere eit svensk danseband...

Den som leser får se!

"Hockeysveis fører til dårlige rim" har artige illustrasjonar og er ei utruleg morsom bok, som eg trur mange vil ha stor glede av å lese!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar