Angelika er einsam. Ho er ikkje som alle andre, og vil vere mest mogleg aleine. Ho vil spare seg for smerta ved å bli glodd på, bli sett ned på.
Angelika har eit syndrom som gjer henne annleis. Ansiktet hennar ser ikkje ut som alle andre sine ansikt. Difor gøymer ho seg vekk på rommet, og utgir seg for å vere ein heilt annan på internett. På nettet er ho grensesprengande, modig og framfus. På nettet tørr ho gjere alt det ho ikkje vågar i det verkelege livet.
Simen er hennar einaste venn. Simen er narkoman, og er sliten. For Simen er Angelika spesiell, og oppmuntrar henne og gir henne støtte. Han får henne til å love å utforske livet. Finne ut om det er verdt å leve.
Så er Simen borte.
Angelika må utfordre seg sjølv på eiga hand, med løftet til Simen som einaste drivkraft.
Boka "Picassokvinnen" teiknar eit nært og inderleg bilete av ei jente som er annleis. Ei jente som ikkje passar inn i vår kroppsfikserte verd. Ei jente som opplever å bli dømt - ut frå utsjånaden og ikkje den ho verkeleg er.
Eg likte denne boka svært godt. Først og fremst på grunn av det nære portettet som vert gitt av Angelika. Boka seier ikkje noko om kva slag syndrom ho har, før mot slutten, og det er berre fantasien som kan teikne opp utsjånade hennar. Likevel gjorde eg dette i liten grad, for tankemonologane og den sterke teksten dreiv forteljinga framover, og viser Angelika som ei ganske så normal jente. Inni er ho som andre, bortsett frå såra ho ber med seg og eit ansikt som skil seg frå andre.
Denne boka burde nesten vore obligatorisk for alle ungdomsskuleelevar å lese. Kanskje kunne den vere med på å utvide horisontar, og auke forståinga for dei som ser annleis ut. Det er som det heiter i songen: "Alle er forskjellig, men det er utenpå..." Inni går vi rundt med dei same spørsmåla og den same redsla for å bli utstøytt. Inni er vi like.
tirsdag 2. juli 2013
søndag 30. juni 2013
50 Cent: Playground
I boka Playground vert vi kjent med trettenåringen Butterball, som etter å slått ned ein skulekamerat må møte til samtalar to gongar i veka hos terapeuten Liz. Samtalane går trått, for Butterball har verkeleg ikkje lyst til å vere der, og i alle fall har han ikkje lyst til å fortelje kvifor han slo ned kameraten.
Heimeforholda er ikkje dei enklaste. Mora og Butterball har flytta frå faren, så han har gått på ny skule dei siste to åra. Mora jobbar så og seie døgnet rundt for å få hjula til å gå rundt, og farne verkar mildt sagt overflatisk, ja, nesten ovanfrå og ned, i sitt møte med sonen.
På skulen er Butterball underdog, men får ein viss status hos dei tøffe gutane etter episoden der han gav juling til kameraten.
Og så er det Nia, ei jente han syns er hyggeleg å prate med, men som mildt sagt er lite begeistra for hendinga i skulegården.
Gradvis opnar Butterball seg for Liz, og eit videokamera får ei sentral rolle i boka.
Playground er rett og slett ei intelligent bok, der vi kjem under huda på Butterball og gradvis byrjar å forstå hans motiv og korleis hans verden eigentleg ser ut. Vi får ikkje historia inn med teskei, men får bitane presentert som puslespel.
Forfattaren av boka er ingen ringare enn 50 Cent (Curtis Jackson). I denne boka, som eg likte veldig godt, viser han at han kan meir enn å skrive songar!
Når eg la boka frå meg, merka eg at eg rett og slett vart glad i Butterball!
Heimeforholda er ikkje dei enklaste. Mora og Butterball har flytta frå faren, så han har gått på ny skule dei siste to åra. Mora jobbar så og seie døgnet rundt for å få hjula til å gå rundt, og farne verkar mildt sagt overflatisk, ja, nesten ovanfrå og ned, i sitt møte med sonen.

Og så er det Nia, ei jente han syns er hyggeleg å prate med, men som mildt sagt er lite begeistra for hendinga i skulegården.
Gradvis opnar Butterball seg for Liz, og eit videokamera får ei sentral rolle i boka.
Playground er rett og slett ei intelligent bok, der vi kjem under huda på Butterball og gradvis byrjar å forstå hans motiv og korleis hans verden eigentleg ser ut. Vi får ikkje historia inn med teskei, men får bitane presentert som puslespel.
Forfattaren av boka er ingen ringare enn 50 Cent (Curtis Jackson). I denne boka, som eg likte veldig godt, viser han at han kan meir enn å skrive songar!
Når eg la boka frå meg, merka eg at eg rett og slett vart glad i Butterball!
lørdag 29. juni 2013
Matched - Crossed - Reached
Forfattaren Ally Condie har skrive ein strålande trilogi som har fått namnet Matched. Handlinga er lagt til eit post-moderne USA, der verda som vi kjenner den i dag har gått dukken. I staden har det vokse fram eit dystopisk framtidssamfunn, der mange av byggesteinane i dagens demokrati er borte. Handlinga foregår på ein stad som ganske enkelt har fått namnet Samfunnet. Dei som lever i Samfunnet, lever kontrollerte og avsondra liv, der dei skal skjermast for alt som er vondt eller opprørande.
For å halde kontroll på innbyggarane, har leiarane i Samfunnet bestemt seg for å øydelegge det meste av kulturuttrykka frå vår tid. Dei let berre hundre dikt, hundre songar og hundre maleri overleve utrenskinga. I det nye Samfunnet er det heller ingen som treng å kunne skrive, så det er berre nokre ytterst få som kan dette.
I den første boka, som på norsk har fått tittelen Cassias valg, vert vi kjent med dei tre hovudpersonane Cassie, Xander og Ky. Forelskelse og kjæresteri er overflødig i det nye Samfunnet. Når ein er 17 år, vert ein matcha (derav namnet Matched) med den personen ein avansert database har funne ut ein passar best saman med. På den måten kan ein oppnå maksimalt lukkelege par, som passar perfekt saman.
Boka startar med at Cassie er på veg til sin matchingbankett, der ho skal få vite kven som er hennar match. Ikkje alt går etter planen denne dagen, og Cassie byrjar etterkvart å stille spørsmål ved enkelte sider av Samfunnet. Er alt så perfekt som dei som styrer vil ha det til? Når ho etterkvart vert kjent med Ky, og lærer at livet inneheld meir enn det Samfunnet har presentert for henne til no, byrjar grunnvollane i tilværet hennar å svikte.
I dei to neste bøkene, Crossed (Flukten) og Reached (Opprøret), fyljer vi Cassie, Xander og Ky vidare på ferda mot å avsløre dei mørke sidene ved Samfunnet.

Det er fleire ting eg likar godt med denne serien. For det første er det framsidene på bøkene, som er metta med symbol og på ein god måte illustrerer innhaldet. Vidare er det sjølvsagt ei spennande handling, men på ein heilt annan måte enn eg hadde trudd då eg las første boka. I starten, når Cassie byrjar å opponere mot Samfunnet, verkar alt nemleg ganske svart-kvitt, og det er tydeleg kva som er rett og kva som er gale, og kva ho må gjere for å verte eit fritt menneske. Etterkvart som handlinga skrid fram, viser det seg at alt ikkje er så svart kvitt. Kan ho i det heile stole på noko eller nokon i den verda ho lever i?
Historia rullar fram, og i bok tre byrjar bitane å falle meir og meir på plass, og løysinga på det heile var, i alle fall for min del, svært overraskande.
Som eit eige lag i boka, er spørsmåla om ytringsfridom, pressefridom og valfridom heile tida nærværande. Cassie får to dikt av bestefaren sin då han skal dø (Samfunnet har bestemt at alle skal dø når dei er 80 år, på den måten er det ingen som treng å oppleve lidelse og tap av verdighet i alderdomen). Desse to dikta høyrer ikkje til dei 100 lovlege dikta i Samfunnet, og ho må halde dei hemmeleg. Orda er svært verdifulle, men kven kan ho betru dei til? Og ikkje minst vil ho gjerne vite kva bestefaren vil seie til henne gjennom dei to dikta.
Det skrivne ord, særleg i form av dikt, og også teikningar, songar, maleri og andre kunstuttrykk, er marginaliserte i Samfunnet, og får ein sentral plass i handlinga.
Bakteppet i historia, eit post-historisk USA, og eit dystopisk og overkontrollert samfunn, kan minne mykje om den verda som vart skapt av Suzanne Collins i "The Hunger games". Likevel skil Condie si verd seg ut på mange punkt, og bøkene er langt frå like. Likevel trur eg at mange av dei som likte "The Hunger Games", også vil like Matched-trilogien.

onsdag 26. juni 2013
Erebos
Boka Erebos er ei verkeleg spennande bok, og har du først begynt å lese i den, er den vanskeleg å leggje frå seg. Utgangspunktet er trivielt nok eit dataspel som byrjar å sirkulere på ein skule og vert populært. Det er berre det at dei som spelar byrjar å endre personlegdom... Eg-personen får også tak i spelet, og er snart vikla inn i noko som er større enn han forstår. For kva gjer du når eit dataspel byrjar å kommunisere med deg, og får folk til å gjere ting dei aldri ville gjort elles? Snart byrjar frykta å spre seg, for kva er det eigentleg Erebos vil...?
Erebos er rett og slett ein velkomponert ungdomskrim, med element frå fantasy-sjangeren. Unn deg nokre nervepirrande timar med denne boka i sommar!
Erebos er rett og slett ein velkomponert ungdomskrim, med element frå fantasy-sjangeren. Unn deg nokre nervepirrande timar med denne boka i sommar!
lørdag 22. juni 2013
Våren - ei oppsummering
Våren kom seint til Sand skule i år. Dette bildet tok eg 3. mai:
Likevel. Til slutt dukka sola opp! Først inne i 2. etasje, der elevane på barneskulen har laga dette flotte veggteppet med inspirasjon frå Edvard Munch sitt maleri "Solen":
Og så vart det vår ute også. Nye leikeapparat har blitt bygd, og det er blitt sett ut fleire nye benkar. Kanskje det siste til størst glede for ungdommane, som ikkje går av vegen for å sveitte litt for komforten... Og sidan dei ikkje hadde lov, måtte dei bere den tilbake også:
Også i år deltok vi i Tinestafetten, og tradisjonen tru (i alle fall andre året på rad...) var det A-klassen som kryssa mållinja først. Her står dei klare til å springe, lukkeleg uvitande om kven som får juble til slutt:
Elevane vil veldig gjerne ut og jobbe når sola skin og gradene er tosifra og vel så det. All erfaring tilseier at effektiviteten synk omvendt proporsjonalt med solstrålar som treff huda, så elevane får som regel nedslåande svar på spørsmål om å gå ut... Men av og til er det greit å kunne innfri slike forventingar også, og heller senke forventningsnivået for restultata nokre hakk. Her sit dei og jobbar med forteljingar:
Benkane kan brukast til andre ting enn stilskriving også. For eksempel iseting nest siste skuledagen:
Så er vi om lag ved vegs ende med skuleåret, heile gjengen er samla i gymsalen til avslutning og elevane mine har endeleg stige nok i "gradene" til å få sitje med ryggen mot ribbeveggen...
Oppsummering av året, ein bildekavalkade på klasserommet, var noko av de siste dei fekk med seg. Eg sette på random speling av U2-låtar i bakgrunnen, og spelaren starta like godt med "Miss Sarajevo", ein heller roleg sang der også Luciano Pavarotti bidreg med ein lengre passasje... Godt å kunne gje med elevane litt høgare kultur enn Justin Bieber på veg ut i sommaren!

Etiketter:
avslutning,
rydde,
siste skuledag,
sommar,
Tinestafetten,
vår
onsdag 12. juni 2013
Padling i Suldalslågen
Dei to siste dagane har eg vore med elevgrupper ut i kano i Suldalslågen. Begge dagane har det vore godt vér, og alle har kome seg heilskinna ned (trass i ein velt og ein del kanoar som køyrde seg fast i steinar den siste dagen...) Her er ein del bilete frå dagane:
Tysdag:
Lunsj: Grilling av pinnebrød og pannekaker ved gamma.
Så kom vi til slutt ned til landingsplassen på tysdag, og bar kanoane opp til vegen.
Onsdag:
Litt meir overskya vér, men grei temperatur.
Etter lunsj padla vi ned dei siste stryka til brua ved Førland. Nokon var våtare enn andre, men vi kom då ned alle mann!

ekskursjon,
grilling,
kano,
padling,
Suldalslågen
fredag 24. mai 2013
Tankar frå bak eit kateter
Dei einaste lydane eg høyrer frå rommet, er
knasting på pc, litt knitring frå drops- og sjokoladepapir og ei og anna
brusflaske som vert opna og skrudd att.
I ei slik stille atmosfære er det heilt naturleg
at tankane startar å vandre. Litt attende til den gongen eg sjølv hadde
tentamen. Eg hugsar godt spenninga på førehand, og korleis spenninga sakte
løyste seg opp utover dagen og vart erstatta av rastløyse og tungt hovud. Det
kostar å jobbe så intenst fleire timar i strekk. Luftepausane var
uerstattelege.
Samtidig tenkjer eg på at dei har det litt lettare
i dag, ungdommane. Her sit dei med kvar sin pc, medan eg, den gong då, måtte
kladde og føre inn med penn. Det er i grunn ikkje så rart at dei blir ferdige
før tida, dei fleste… På ei anna side har dei større utfordringar også. Det er
ikkje så lett å sjå eigne skrivefeil på datamaskina, og retteprogrammet er
slett ikkje alltid til å stole på. Mange går i fella og trur dei er ferdige
lenge før dei er det. Slik sett var det lettare før.
Eg tenkjer også på kva eg kunne gjort i staden for
å sitje her. Tenk å sitje på altanen i dag, med shorts og solkrem, eit glas
iskaldt vatn, kanskje ein pose chips og ei god bok. Inne frå huset skulle det strøyme musikk frå
radioen, og eg skulle nyte dagen…
Det hadde nok ikkje vore heilt slik om eg hadde
fri, men det kunne jo vore. Heldigvis er det ikkje mange vekene att til
sommarferien. No skal eg berre vurdere desse 28 tekstane dei skriv i dag … og
dei 28 dei skriv neste tysdag … og matematikktentamenen neste torsdag… Og
kanskje noko meir i tillegg til det også. Innspurten av skuleåret er alltid
travel, men det å sjå ferien nærme seg i racerfart er god motivasjon.
Tankane mine går tilbake og utover, men aller mest
går dei framover. Eg tenkjer på framtida. Ikkje mi, men framtida til dei 28
elevane som sit bøygde over arbeidet sitt framfor meg. Kva visste eg om mi eiga
framtid då eg var 15? Ikkje så mykje. Eg hadde mine draumar og håp, men kunne
aldri sett for meg korleis livet faktisk har blitt. Det er kanskje det fine med
framtida, at ein ikkje kan vite korleis den blir. Då vert det spennande å sjå
kva som skjer.
Tenkjer elevane mine slik? Eg håpar det. Eg håpar
dei har draumar om framtida, og ser med spenning fram mot det dei skal møte.
Truleg blir liva deira heilt annleis enn det dei tenkjer i dag, eller kanskje
er dei så målretta og medvitne, at dei klarar å styre liva i den retninga dei
vil? Det er ikkje så godt å vite, i alle fall ikkje for oss som ser dei frå
utsida, og ikkje har tilgang til tankane og draumane deira.
I det minste håpar eg dei ser lyst på framtida. At
dei har tru på at framtida vert bra, og at dei torer satse, investere i
draumane sine. Utan håp, utan draumar, druknar motivasjon og tiltakstrongen.
Draumar er viktige.
Er eg med på å skape desse draumane i dei? Av og
til er eg veldig usikker på det. Eg trur nok eg gjer det i altfor liten grad,
sjølv om eg prøver. Ofte legg eg nok fleire steinar til børa enn kva godt er,
og kanskje punkterer eg somme dagar draumar… Når dei faglege krava vert store,
og arbeidsmengda like stor, og dei vert motlause og føler seg udugelege. Slike
dagar er ikkje gode. Eg elskar dei dagane ungdommane forstår kva eg snakkar om,
og forstår det eg prøver å lære dei. Dei dagane eg ser at det går opp eit lite
lys eller to i auga, og horisontar opnar seg og dagen vert litt lettare å
hanskast med. Ikkje alle dagar er slik, og eg skulle gjerne hatt fleire av dei,
men dei som er, er gull verdt.
Om tjue år er elevane mine like gamle som meg, og
livsvegen deira er truleg blitt noko tydlegare. Undrast på kor eg møter dei att
då? Han i den svarte t-skjorta, for eksempel. Er han legen eg går til med den
knekte foten? Eller er han rørleggjar, advokat, sirkusklovn eller fiskar? Ho i
den lyse t-skjorta, er ho arkitekt, ingeniør, omsorgsarbeidar, kassadame,
lastebilsjåfør, skodespelar eller journalist? Sit her ein ordførar i klassen?
Kanskje til og med ein … statsminister?
Det er umogleg å seie. I dag. Eg syns det er
spennande å møte att tidlegare elevar, og høyre kva dei driv på med. Og eg syns
det er spennande å tenkje på kva desse her ein dag kjem til å drive med. Det er
så mange moglege val!
Eg håpar at også dei ser dette. At også dei vågar
å drøyme, vågar å tenkje framover.
Og vågar å satse, vågar å leggje ned arbeid i
draumen sin. For utan draumar, og utan håp om å nå dei, kor endar vi då?
Eg har enda opp bak eit kateter, og kjenner at eg
er nett der eg ynskjer å vere. Det var dette som var draumen min, heilt frå då
eg gjekk på ungdomsskulen. Eg snakka ikkje så høgt om det, det var ikkje så
mange som visste. Det var på ein måte ikkje så stilig å seie at ein ville bli …
lærar… Dei var på ein måte, om ikkje “fienden”, så i alle fall ei gruppe
menneske vi ikkje relaterte oss til. Slik eg reknar med gruppetanken om yrket
er også i denne klassen. Likevel sit det kanskje nokon med ein draum om å
undervise, om å ein gong få sitte bak eit kateter og sjå på ungdomar som jobbar
og drøyme om framtida deira.
Det er ikkje godt å vite.
Etiketter:
framtid,
refleksjon,
tankar,
Tentamen
Abonner på:
Innlegg (Atom)