lørdag 29. juni 2013

Matched - Crossed - Reached

Forfattaren Ally Condie har skrive ein strålande trilogi som har fått namnet Matched. Handlinga er lagt til eit post-moderne USA, der verda som vi kjenner den i dag har gått dukken. I staden har det vokse fram eit dystopisk framtidssamfunn, der mange av byggesteinane i dagens demokrati er borte. Handlinga foregår på ein stad som ganske enkelt har fått namnet Samfunnet. Dei som lever i Samfunnet, lever kontrollerte og avsondra liv, der dei skal skjermast for alt som er vondt eller opprørande.

For å halde kontroll på innbyggarane, har leiarane i Samfunnet bestemt seg for å øydelegge det meste av kulturuttrykka frå vår tid. Dei let berre hundre dikt, hundre songar og hundre maleri overleve utrenskinga. I det nye Samfunnet er det heller ingen som treng å kunne skrive, så det er berre nokre ytterst få som kan dette.

I den første boka, som på norsk har fått tittelen Cassias valg, vert vi kjent med dei tre hovudpersonane Cassie, Xander og Ky. Forelskelse og kjæresteri er overflødig i det nye Samfunnet. Når ein er 17 år, vert ein matcha (derav namnet Matched) med den personen ein avansert database har funne ut ein passar best saman med. På den måten kan ein oppnå maksimalt lukkelege par, som passar perfekt saman.
Boka startar med at Cassie er på veg til sin matchingbankett, der ho skal få vite kven som er hennar match. Ikkje alt går etter planen denne dagen, og Cassie byrjar etterkvart å stille spørsmål ved enkelte sider av Samfunnet. Er alt så perfekt som dei som styrer vil ha det til? Når ho etterkvart vert kjent med Ky, og lærer at livet inneheld meir enn det Samfunnet har presentert for henne til no, byrjar grunnvollane i tilværet hennar å svikte.

I dei to neste bøkene, Crossed (Flukten) og Reached (Opprøret), fyljer vi Cassie, Xander og Ky vidare på ferda mot å avsløre dei mørke sidene ved Samfunnet. 




















Det er fleire ting eg likar godt med denne serien. For det første er det framsidene på bøkene, som er metta med symbol og på ein god måte illustrerer innhaldet. Vidare er det sjølvsagt ei spennande handling, men på ein heilt annan måte enn eg hadde trudd då eg las første boka. I starten, når Cassie byrjar å opponere mot Samfunnet, verkar alt nemleg ganske svart-kvitt, og det er tydeleg kva som er rett og kva som er gale, og kva ho må gjere for å verte eit fritt menneske. Etterkvart som handlinga skrid fram, viser det seg at alt ikkje er så svart kvitt. Kan ho i det heile stole på noko eller nokon i den verda ho lever i?

Historia rullar fram, og i bok tre byrjar bitane å falle meir og meir på plass, og løysinga på det heile var, i alle fall for min del, svært overraskande.

Som eit eige lag i boka, er spørsmåla om ytringsfridom, pressefridom og valfridom heile tida nærværande. Cassie får to dikt av bestefaren sin då han skal dø (Samfunnet har bestemt at alle skal dø når dei er 80 år, på den måten er det ingen som treng å oppleve lidelse og tap av verdighet i alderdomen). Desse to dikta høyrer ikkje til dei 100 lovlege dikta i Samfunnet, og ho må halde dei hemmeleg. Orda er svært verdifulle, men kven kan ho betru dei til? Og ikkje minst vil ho gjerne vite kva bestefaren vil seie til henne gjennom dei to dikta.

Det skrivne ord, særleg i form av dikt, og også teikningar, songar, maleri og andre kunstuttrykk, er marginaliserte i Samfunnet, og får ein sentral plass i handlinga.

Bakteppet i historia, eit post-historisk USA, og eit dystopisk og overkontrollert samfunn, kan minne mykje om den verda som vart skapt av Suzanne Collins i "The Hunger games". Likevel skil Condie si verd seg ut på mange punkt, og bøkene er langt frå like. Likevel trur eg at mange av dei som likte "The Hunger Games", også vil like Matched-trilogien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar