torsdag 30. oktober 2014

Skulevegen min

På dagar med vakkert lys, særleg etter mange dagar med tunge skyer og mykje regn, kan eg ikkje ta med fotoapparat viss det er noko eg skal nå om morgonen... Her ser du kvifor:


Desse bileta tok eg på veg til skulen i går tidleg. Erfjorden over, naust på Vik under.


Lovradalen:


Sandsfjorden:


Vestover mot fjella på Ropeidhalvøya:


Garaneset:


Snart framme!


Skulen:


Herleg å kunne nyte fargane i naturen igjen, ikkje berre springe i ly for regnet...


Sandsfjorden i går ettermiddag, på veg heim att frå jobb:


Ja, det blir ein del stopp langs vegen i slikt lys!

onsdag 29. oktober 2014

Tarzano!

Det var duka for eit møte mellom norsk og tanzaniansk musikk i auditoriet på skulen i dag. I ein skuletime fekk vi lytte oss gjennom ei blanding av vare saxofontonar og afrikanske rytmer!



Det er ikkje alltid så godt å seie kor godt slike musikalske hendingar treff elevane. Musikksmak varierar, det same gjer evnen musikarane har til å engasjere. Ut frå responsen til elevane under konserten, og det eg har høyrt av snakk i gongane i etterkant, fall denne konserten i smak hos mange!


tirsdag 28. oktober 2014

Haustregn



det er slike dagar
vi trekk pusten
ekstra djupt
før vi opnar døra




stegar ut
på raske føter,
søker ly
der det er å finne





vi er robåtar
på ope hav,
flyt med straumane
frå skjær til skjær


torsdag 16. oktober 2014

tirsdag 14. oktober 2014

Skuleglimt #11

Det er kanskje ikkje det beste eksempelet reint komposisjonsmessig, men bildet har leielinjer, og det var ein av tinga valfagselevane mine skulle ut og leite etter i dag:


Dei vertikale linjene mellom brusteinane leier innover i bildet, det same gjer søylene, vindauga og sjølve bygningane.

Tema i dag var bakgrunnar og framgrunnar, og vi såg på ulike triks ein kan gjere for å få betre fram- og bakgrunnar i bileta sine. Det vart mange spennande resultat!

Her er det fotosession med uforsking av ulike perspektiv:


I løpet av haustferien har det skjedd store ting i klasseromma våre. Dei elektroniske tavlene har blittt sentrert i alle klasserom, så no er dei meir tilgjengeleg for dagleg bruk!


mandag 13. oktober 2014

Vill? Kva meiner du? (Spurde ho)

Vill; agelaus, amok, aud, bakkantisk, balstyren,
barbarisk, besett, bestialsk, blodig, blodtørstig,
brutal, bråkete, crazy, desperat, ellevill, forvilla,
frenetisk, fri, frå seg, frå vettet, furiosa,

fælsleg, gal, grassat, grum, hemningslaus, hissig,
impulsiv, intens, i villa, i ørska, kaotisk, kåt,
lidenskapeleg, livat, livleg, løpsk, lågtståande,
mannvond, naturleg, olm, opphissa, opprørt,

primitiv, på liv og død, på måfå, på styr, rabiat,
rasande, ravgalen, rebelsk, rivande, rusk, rå,
sinnssjuk, sinnssvak, skremmande, skremmeleg,
skrullete, skøytelaus, sprelsk, springsk, sprø,

stormfull, storslått, styren, styrlaus, truande,
tullerusk, tussete, udyrka, ukontrollert,
ukultivert, umenneskeleg, uordna, uorganisert,
ureflektert, uregjerleg, uroleg, usivilisert,

ustyrleg, utamd, utemjande, utilrekneleg, uvørden,
vanvettug, vettlaus, vilter, viltveksande,
vørdlaus, yr, ørsken. Som eg sa:
Eg er vill etter deg.


(Heikki Gröhn)

søndag 12. oktober 2014

Bare en time til - Sanne Mathiassen

Sanne Mathiassen skriv om sorga ved å miste. Hovudpersonen har mista mora si, og det er som om eit anker har blitt kutta over. Ho er i fri drift, og ingenting i livet verkar lenger viktig.

Med fortetta handling, og mange tankesprang, der hovudpersonen både ser tilbake på det som skjedde og reflekterer over sin eigen posisjon i notida, teiknar boka eit temmeleg intenst bilete av tida etter tragedien.

Parallelt med forteljinga om sorg, vert det også ei kjærleikshistorie. Ein seier at ein vert blind av kjærleik. Boka viser at ein kanskje også kan bli blind av sorg, for hovudpersonen evnar ikkje å sjå korleis Jonas, som ho er forelska i, verkeleg er. Dermed går ho inn i ein relasjon vi som lesarar ser er destruktiv, og sympatien med hovudpersonen veks.

Boka er bygd opp av fragmenterte handlingar, og vil difor kanskje vere vanskeleg å forstå for mindre erfarne lesarar. Teksten er difor mest aktuell for ungdom som er vant til å lese mellom linjene, og som likar å bli utfordra.

Det er ei interessant bok, og gir eit godt innblikk i sorga.