mandag 2. juli 2012

Minuttet før

Det er minuttet før
Like før eg vakna
Det knirkar i ei dør
Draumar snart vil rakna

Snart ringer det i klokka
Og ristar liv i meg
Ein ny dag er på blokka
Ein morgon nærmar seg

Om eitt minutt eg sansar
Ein lyd eg ikkje vil
Rundt øyret mitt den dansar
No er det slutt på chill

Det er minuttet før
Ja tenk, eitt heilt minutt!
Det skal nytast før det dør
Og natta heilt tek slutt


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

lørdag 30. juni 2012

Mopeden (ei novelle)

Vi fann den i går, heilt tilfeldig. På den gamle og nesten gløymde skogsstien ovanfor sauebeitene. Der stod den lent inntil eit tre. Bakdekket var flatt, men elles var det ingenting i vegen med den, så vidt vi kunne sjå. Ei lang stund stod vi berre og stirra på den, utan å vite kva vi skulle gjere med funnet vårt.

Det var Oskar som først tok ordet: “Det er ein Yamaha.” Mira og eg berre nikka tause. Ein kvar idiot kunne sjå at det var ein Yamaha.

“Eg trur den er sju år gamal.” Mira har sett seg på huk og ser inn på motoren. “Det står 2005 her, på ei slik lita metallplate.” Eg bøyer meg for å sjå det ho har sett, og legg merke til at det er lite sot på eksospotta, ja lite skit i det heile. “Ser ikkje mykje brukt ut.”

Vi står og ser på sykkelen ei stund til. Mira går bortover stien og kikkar både oppover og nedover, og eg ser den andre vegen, tilbake dit vi kom frå. Det ser ikkje ut som det er eit einaste menneske i nærleiken. Ingen eigar i sikte. Ingen som kan leggje merke til tre ungdommar i nærleiken av ein moped.

“Veldig fin framlykt,” seier plutseleg Oskar, og dultar borti det blanke metallet. Framhjulet dreiar så vidt litt utover, og så tilbake i den posisjonen det hadde. “Kunne vore fin…” Orda dør liksom ut mellom leppene hans, og Mira trekk på skuldrene: “Ja, og så?”

Oskar ser nøyare på lykta, ser på festet, leidningane, det blanke glaset. “Trur ikkje den er så vanskeleg å ta av.” Det var akkurat det eg tenkte sjølv, men det høyrtes heilt feil ut no som orda var sagt. Mira stirrar på han med store auger, og ser spørjande på meg. “Han kan vel ikkje…?” Eg trekk berre på skuldrene og set meg ned på ein stein ved sidan av stien. Det er ein fin plass. Akkurat passe open, akkurat passe lukka. Vi kan sjå utover bygda, ser engene, vegane, frukthagane, men eg tvilar på om nokon klarar å få auge på oss her oppe. Og viss dei skulle sjå oss, ville dei kanskje tru at det var tre steinar over beitemarka. Eller tre sauer, viss vi rører på oss.


Mira set seg ned på den same steinen, vi har begge to ryggen til Oskar og mopeden. Ser utover den fredelege bygda, medan vi høyrer stille metallydar bak oss. Til slutt vert det stilt, og Oskar startar å gå bortover stien. “Kjem de?” Han ser ikkje på oss medan han spør, så det er berre så vidt vi får med oss orda. Men jo, vi kjem då, og vi må springe litt for å ta han att. “Og no då?” spør eg, medan eg strevar for å halde farten. Mira er mykje raskare, så ho er allereie komen forbi Oskar, og eit godt stykke ned i bakken. “Dette har eg ingenting med, ok?” ropar ho bak til oss. “Ok?” Ho har stoppa opp no, og ser på Oskar med smale auge. Oskar berre nikkar, og prøver å få igjen pusten. Han held på ei grein som stikk ut over stien, og lenar seg mot den. Han er andpusten og raud i fjeset. Vi kan tydeleg sjå at den venstre jakkelomma bular.

Mira startar å gå med det same ho har fått nikket frå Oskar, og snart spring ho nedover stien. Ho forsvinn bak grantrea, og Oskar og eg står tilbake aleine. “Det var kanskje ikkje så lurt,” prøvar eg, men Oskar berre snøftar og startar å gå igjen han også. “Vi snakkast i morgon, Bolle!” Eg hatar når han kallar meg det. Berre fordi eg har foreldre som er så teite at dei gir sonen sin namnet “Olle”, som om dei budde i Sverige eller noko, så er det liksom fritt fram å tulle med det. Eg prøvar å rope etter han, men han berre vinkar med handa og forsvinn i skogen.

Dagen etter vert eg vekt av mobiltelefonen. Det er Mira som ringer, og ho kviskrar når ho snakkar. Det er berre så vidt eg får tak i orda, men eg forstår ho vil eg skal komme ned til henne. Ho bur nesten midt i sentrum, viss vi kan kalle kaia, butikken og den vesle bensinpumpa, og frisørsalongen, for sentrum.

Ho ventar på meg i hagen utanfor huset, og vinkar meg bort til seg. Vi listar oss stille over plenen og bort til gjerdet, og der har vi fri utsikt ned til kaiområdet. “Der, rett bakanfor bensinpumpene!” Mira peikar mot eit punkt langt borte på kaia, og først forstår eg ikkje kva ho meiner. Så ser eg det plutseleg, akkurat som når ein plutseleg ser kor puslespelbiten passar. Der står ein kvit moped, ein Yamaha. Ved sidan av står det to menn, den eine peikar og viftar med hendene, og den andre ristar på hovudet. Det er heilt tydeleg at det er sykkelen dei snakkar om. Eg kjenner hjarta dunka hardt, og hendene er klamme.

Vi ryggar vekk frå gjerdet, og legg oss ned i graset. Sjølv om eg ser dei rolege skyene som glir forbi, klarar eg ikkje å samle tankane. Det einaste som står klart tilbake, er redsle, og eit sinne retta mot Oskar. Og meg sjølv.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

fredag 29. juni 2012

Skippy dør (Paul Murray)

"Skippy dør" er ein koloss av ei bok. Med sine 718 sider vil det nok koste mange ein god del å ta fatt på den... Den er likevel verdt lesinga, og nokonlunde modne og pittelitt raske lesarar vil kunne få ei stor leseoppleving!

Boka startar, som tittelen lovar, med at hovudpersonen Skippy dør. Vi får så vite kva som leier fram til dødsfallet, og reaksjonane etterpå.

I sin grunntone er det tema som svik, sorg og forfall som pregar boka, men samtidig er den skrive på ein så humoristisk og original måte, at ein som lesar blir reven med vidare. Her er mange tragiske menneskeskjebnar, og det er jamt over dei vaksne som er skuld i ungdomen sine tragediar.

Boka har fleire parallelle historier, som vert vevd saman. Det heile foregår på ein kostskule i Irland, ein skule som kviler på 140 år lange tradisjonar og er driven av ein katolsk presteorden. Vi får vite ein god del om bakgrunnen til mange av lærarane, og vi møter eit persongalleri som spenner ganske vidt. Fungerande rektor ynskjer å framstille skulen som ein mønsterskule, der det er tradisjonane og historia til skulen som er fundamentet. Han viser stadig til suksessrike tidlegare elevar, og held pompøse festtalar. Sanninga om skulen og ungdomane der er midlertid ei heilt anna...

Skippy sjølv, som kanskje er den mest (kanskje den einaste?) sympatiske personen i boka, har vanskelege dagar og vekker raskt empatikjensla hos lesaren. Også den noko stakkarslege læraren Howard, som stadig rotar det til for seg sjølv, kan vekke ein del sympati hos lesaren. Utover det skjer det ganske mykje usympatisk, både frå lærarar og elevar si side. Likevel er ein aldri i tvil om at forfattaren står på elevane si side, og legg skulda på forfallet og dei dårlege handlingane på dei vaksne.

Forfattar skiftar synsvinkel og forteljestil ganske ofte i boka, så som lesar får ein med seg mange detaljar og opplysningar som personane i boka ikkje har. Til saman vever alle desse detaljane eit ganske fargerikt teppe, og ein ser heilskapen.

Eg vil seie at det nettopp er sansen for detaljar som er forfattaren sin store styrke. Boka er så innhaldsrik og godt fortalt, at ein føler ein har vore til stade i gongane på skulen, og gått ved sidan av hovudpersonane!

Lang bok? Ja. Feelgodbok? Både ja og nei. Verdt å lese? Ja!

torsdag 28. juni 2012

Sommarrydding

Eg plar alltid rydde litt i papirbunkane, permane og skuffene mine på slutten av skuleåret. Makuleringbunken er som regel stor, og kvart år står eg ved maskina og tenkjer kvifor i all verda gjer eg ikkje dette etterkvart...

Medan eg rydda i skuffa, oppdaga eg stadig vekk ein del småting som strengt tatt ikkje hadde trenkt å liggje der. Eg har sjølvsagt naturlege ting som kalkulator, gradskive, blyantar, kvessarar, viskelær, bindersar og så vidare. Og så fann eg dette:


Nokre av tinga kan eg forstå, som lypsyl, tyggis og batteri. Eg er litt meir undrande til den knekte glasstaven, klinkekulene, 4H-pinen, tantrixbrikka og ikkje minst sjetongen... Eg er ein tingsamlar, så det hopar seg ofte opp med slike småting. Men kor kjem det frå, alt saman? Og eg har ikkje hjarte til å kaste det heller, så det hamna opp att i skuffa... Neste år tek nok rydding av skuffa endå lenger tid!

onsdag 27. juni 2012

Feriekjensla

Sitje på ei trapp
Og ta på seg sandalar
Eller springe over ei eng
med smørblomar,
prestekragar og soleier
Eller kanskje duppe alle tærne
i det skinande, blåvarme
sjøvatnet

Eller heller liggje på senga
Skru opp volumet på musikken
Og berre flyte med
Shortsen knitrar mot dynetrekket,
og fuglane kvitrar med
frå trea utanfor

Kanskje sitje på ein benk
utanfor butikken
Ete is, eller jordbær
Snakke tull og vås
Synge ein song
Sitje og håpe at den eine
Den spesielle
Kanskje skal komme forbi
Heilt tilfeldig

Eller sitje ved eit kjøkkenbord
halvtidleg ein morgon
heilt i slutten av juni
Rundt meg snurrar verda vidare
Eg har hoppa av
Alle moglegheiter er opne;
Det er ferie!


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Sommarblues (ei novelle)

Eg pussar tennene på trass.

Det er ikkje det at eg er spesielt trassig. Heller ikkje at eg spesielt mislikar å pusse tennene. Det heile er mykje meir komplisert. Mykje. At eg er sint no, er i grunn heilt irrasjonelt, for eg skal jo ingen stad. Det er ingen som tvingar meg til å pusse tennene, eller til i det heile å stå opp for den saks skuld. Eg har ikkje nokon etter meg, for eg har ferie, null planar for veka og ute vil om nokon timar sola skinne som om den aldri har gjort anna. Og det har den vel kanskje ikkje, heller?

Kanskje er det litt med meg som med sola. Vi skin heile tida, det er berre litt vanskeleg å få auge på det av og til. Uff, nei, no rotar eg det til. Ikkje misforstå, eg seier ikkje at eg er ei solstråle, at eg eigentleg er blid og glad heile tida. Men kanskje er eg det litt, inst inne. For eg er ikkje ein sur person. Eg skyar somme tider over, og då er det vanskeleg å få auge på det gode. Slik som akkurat no, her eg står, grinete, sur og tverr.

Det er vanskeleg å forklare grunnen. Ikkje fordi eg ikkje veit kva som er feil, heller ikkje at eg ikkje klarar å forklare det. Det er berre det at det er så irrasjonelt, så lite smart. Eg, som vanlegvis er tvers gjennom rasjonell, og kanskje er det akkurat det som er saka, eg er ofte for rasjonell, slik at det til slutt har bikka litt over. Eg er litt lei. Lei av å alltid vere den fornuftige, den som har alt lina opp og svara klar og alt så vanvittig, håplaust rasjonelt.

Eg er sur på grunn av ein draum. Ja, du las rett. Eg er sur. På grunn av. Ein. Draum.  Ikkje eit mareritt, eller jo, det var eit slags mareritt, men ikkje av det slaget som folk tenkjer på når dei seier mareritt. Der var ingen monster eller brannar eller opne hol i bakken som du prøvar febrilsk å unngå, men som du er dømt til å dette nedi, og der nede møter du alt det du fryktar mest. Store, forvokste edderkoppar, legar med sprøyter så store, og lange, som gjerdepålar, eller Siv Jensen som pratar og pratar og pratar, heilt til du hoppar ned i neste avgrunn. Med vilje. Det var ikkje slik.

Det var i grunn motsett. Det var det motsette av mareritt: Eg drøymde at eg vakna og stod opp. Pussa tennene. Åt frukost. Pakka skulesekken. Gjekk til skulebussen. Slumra gjennom førti minutt med vogging og radiostemmer. Og så vidare. Ja, og så vidare, du veit, heilt inn på skulen, gjennom ein heil skuledag. Ein heil skuledag. Med friminutt, prøvar, lunsjpause, stilskriving, matematikkoppgåver, engelskgloser, Napoleonskrigar, sikksakksøm og det heile. Til og med dopause midt i setningsanalysen.

I det same det ringte ut etter siste time, ringte vekkarklokka mi på nattbordet. Dei seier at vi drøymer veldig raskt, så det er sannsynleg at draumen min faktisk starta i det klokka begynte å ringe, og så vakne eg på andre ringet. Og på dei få sekunda gjennomlevde eg altså ein heil skuledag. Snakk om slag i bakhovudet, særleg i kombinasjon med neste tanke: No må eg opp og gjere det same ein gong til. Ein skuledag ekstra, så å seie. Då begynte skyene å trekke saman, men sola lyste fortsatt gjennom, viss du forstår kva eg meiner. Eg meiner at eg takla det heile med overraskande ro.

Eg raska med meg kleda og gjekk ut på badet. Kledde på meg. Gjekk på do. Vaska hendene. Vaska fjeset. Tok tannkrem på tannkosten. Såg på klokka. Begynte å pusse. Såg på klokka ein gong til. Tok ut tannbørsten og stivna med klokkearmen løfta. Visarane fortsette å tikke på sin sedvanlige rundgang, alt anna i rommet stod i ro. Og utanfor døra høyrde eg plutseleg ei låg, men absolutt merkbar, stille fnising. Eg kikkar ut vindauget, og ser at månen fortsatt heng over straummastene. Til og med eit par stjerner blunkar lurt til meg.

Det var då, på det tidspunktet, at skyene trakk seg heilt saman, og det begynte å regne. Ja, du forstår kva eg meiner. Det begynte til og med å lyne, ørlite granne. Dei slo ikkje ned på klokka mi, heller ikkje på minifjolset med dei store augene som tassar fnisande rundt på gongen. Ikkje ein gong vekkarklokka mi, som så openbart er tukla med, får gjennomgå. Det er draumen eg er sur for, det er draumen som er gjenstand for sinnet mitt.

Ein skal ikkje ha slike draumar. I alle fall ikkje i sommarferien.

Denne dagen skal bli, og her slår eg neven i vasken, denne dagen skal bli så utruleg mykje betre. Eg nektar å leggje meg att. Eg nektar kaste vekk så mykje som eit sekund til av den dyrebare fridomen.

Så no står eg her og pussar tennene. På reint trass.


I denne teksten har eg teke utgangspunkt i to sjølvopplevde situasjonar. Den eine er ei ganske sær oppleving eg hadde på ungdomsskulen, natta til ein tentamensdag. Eg drøymde at eg vakna og gjorde alle dei tinga ein plar gjere om morgonen, gjekk på skulen og hadde tentamen. Alt rota seg til, på eit eller anna vis, som det ofte gjer i draumar, så eg var ganske stressa. Til slutt skulle eg levere, og oppdaga at eg hadde gjort alt heilt feil. Akkurat då vakna eg på skikkeleg, med ganske sterk hjartebank. Eg innser at alt har vore ein draum, og det var både godt og dårleg. På den eine sida måtte eg no gjere alt "om att", men på den andre sida så gjekk det då betrakeleg mykje betre enn då eg drøymte...

Den andre situasjonen opplevde eg i vaksen alder. Eg vakna av at vekkarklokka ringte, stod opp, stelte meg, kledde på meg, laga niste og sette meg til å ete frukost. Først då, medan eg sat og åt, såg eg på klokka. Då var den rett før fire om natta... Nokon hadde tulla med klokka mi, og sidan vi var berre to i familien på den tida, var det ikkje så vanskeleg å vite kven. Datoen var då også 1. april, så eg burde kanskje ha vore meir på vakt.


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

mandag 25. juni 2012

Sure Fransen

Sure herr Fransen i etasjen over
Spelar trombone når vi andre sover
Han spelar så veggane ristar, til trass
For det underlege faktumet at:


Sure herr Fransen ropar alltid: "Stille!"
Endå det er han sjølv som er ille
Han bråkar og herjar og vekker oss andre
Og nektar bestemt å la seg forandre


Sure herr Fransen kan ikkje forstå
At ingen andre på tærne kan gå
Han meiner at verda har snudd seg imot
No kjempar han - høglytt - mot kvar idiot


For sure herr Fransen han er berre sur
Han har aldri lært korleis å vere lur
Vi andre er lei både Fransen og maset
Men Fransen er lukkeleg, mitt i alt fjaset!

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)