fredag 30. januar 2015

Bil

Skulle ønske eg var ein bil
Skulle ønske eg hadde høglytte horn
og firehjulstrekk
Skulle ønske eg kunne rulle
ut i verda og kjenne fridomen
som vind i håret

Då skulle eg krysse alle kontinent
Då skulle eg sjølv bestemme retninga
og rulle fram for eigen motor
Då skulle eg tute utanfor huset ditt
og be deg vere med




(Ønskedikt, skrive i samband med diktundervisning i norsktimane for tida)

tirsdag 27. januar 2015

Gullglim

det er ikkje gull
alt som glimar
har eg høyrt

erfaringa seier
at det glimar ikkje
av alt som er gull
heller

lørdag 24. januar 2015

Nyttårsball 2015


Nokre glimt frå nyttårsballet i går kveld!


Mozell i høge glas, og fint dekka bord i ein pynta gymsal møtte elevane då dei troppa opp i finstasen rett før sju.


Flotte elevar i stemningsfull belysning:



Maten kom frå Kulp, og det var foreldre som stod for serveringa - og oppryddinga...


Det var mange varme hovud å sjå i løpet av kvelden. Greitt å kunne kjøle seg ned med litt is!


Dansedelen av ballet vart opna med ein polynese:


...og musikkinnslag ved både elevar...


...og lærarar!


Dermed var stemninga satt, og dei fleste dansa til eit variert utval songar fram mot slutten av ballet klokka 23. Det er vanskeleg å dømme om kva kvar enkelt tenkjer, men det såg i alle fall ut som at dei fleste kosa seg!

Takk for ein fin kveld!


torsdag 15. januar 2015

Finne ly - Aina Basso

Aina Basso er ein forfattar eg har stor glede av å lese. Språket er lett og poetisk, og bileta ho teiknar av personar og stadar trer levande fram i hovudet. I tillegg fortel ho om viktige historiske hendingar, situasjonar som eg veit lite om frå før. Eg har tidlegare lest boka "Inn i elden", som handlar om hekseprosessane i Finnmark.

I boka "Finne ly" er det tatarane som er i fokus. Vi vert kjent med den unge taterjenta Hanna, som har rømt frå tukthuset og søker tilflukt på ein sideliggjande gard, midt i ein skog. Her finn ho ly, og lever ein heil sommar som tenestejente på garden.

Så ein dag kjem eit taterfylgje og slår seg ned i nærleiken, og skuggane frå fortida dukkar opp att. Hanna vert trekt mellom lojaliteten til sitt eige folk, lengsla etter fridom og tryggleiken i det å leve "normalt". Så begynner stemninga i bygda å bli hissig, etterkvart som ting forsvinn frå ulike hald, og skulda fell på tatarane. Noko må gjerast for å hamle opp med utøyet...

"Finne ly" har spenning både på det indre og det ytre planet. For min eigen del er det den indre reisa til Hanna som er mest spennande. Drakampen mellom dei ulike måtane å leve på, og korleis ho opplever møtet med det "vanlege" livet. Og korleis ho til slutt er nøydd til å bestemme seg for kva side ho vil stå på - korleis ho vil at livet skal vere.

Heile vegen er det poetiske språket der. Herleg, flytande nynorsk, og vakre naturbilder som eit bakteppe for både indre strid, forelsking, mistru, håp og hat. Det er rett og slett vakkert!

torsdag 13. november 2014

1920 - 1957 - Jon Ewo

Kva om historia hadde utvikla seg heilt annleis enn den gjorde? Kva om unionen med Sverige ikkje vart oppløyst, men at svenskane tvert om tvang Norge inn under eit diktaturstyre. Kva om nazistane vann 2. verdskrigen?

I boka 1920 møter vi hovupersonen Håkon, som er amatørboksar og prøver å halde motet opp i eit Norge styrt av Sverige. Landet er eit diktatur. Svenskane har funne olje i nordsjøen, og lar norske kriminelle og politiske fangar jobbe som slavar på plattformane.

Håkon si søster sit som politisk fange på Akershus festning, og Håkon legg ein plan for å få henne fri.

Boka er svært spennande, og det er interessant å sjå for seg eit Norge med ei annleis historie. Eg trur vi har godt av å tenke at ting faktisk kunne vore annleis, og at det ikkje er sjølvsagt at Norge er eit fritt land!

Også boka 1957 er utfordrande for fantasien. Hovudpersonen i boka, Monika, er sett fram som eit ideal for norske jenter. Ho deltek i propagandafilmar og er i det heile begeistra for Stor-Germania, der Norge er ein av fleire statar. Heilt sidan nazistane vann 2. verdskrigen og Hitler vart drept i eit attentat i 1941, har Norge blitt styrt av Heinrich Himmler. Monika kallar han for "onkel", og vegen framover er allereie lagt. Ho skal utføre sine plikter for den germanske staten! Det er berre ein liten månad til ho skal bli forlova med Erik, ein SS-soldat utvalgt av Himmler.

Men så møter ho motstandsguten Hans. Han snakkar om andre haldningar, og eit anna Norge, og klarar å så tvilen i Monika. Finst det skuggesider ved det norske SS-styret?

Monika begynner å nøste opp i si eiga fortid, og finn ting som endrar heile hennar verd.

Bøkene 1920 og 1957 er fantasitriggarar, samtidig som dei fortel spennande og actionfylte historier.

mandag 10. november 2014

Selma & Louise - Camilla Otterlei

I boka "Selma & Louise" møter vi kusinene Hildegard og Selma, som på kvar sin måte kjenner seg litt utanfor. Saman utfordrar dei mødrene sine, og legg ut på ein road trip for å ordne opp i alvorlege problem. Turen vert ikkje heilt som dei har planlagt.

Dette er ei ganske kort og lettlest ungdomsbok, der den indre reisa hos hovudpersonane er vel så spennande som den ytre. Jentene er også prega av ungdommeleg impulsivitet, og er ikkje så opptekne av å dobbeltsjekke fakta før dei handlar. Dermed går ting litt over styr.

Språket er tidvis litt røft.

fredag 7. november 2014

Haustmorgonlyset

Det er få ting som er så vakkert som lyset tidlege haustmorgonar. Etter at regnskyene drog sin veg, og berre lette fjørskyer vart liggande att, har lyset fått ein ny sjanse til å vise seg fram. Og det er eit vakkert skodespel naturen har å by på slike morgonar!


Første time har begynt, og skulen ligg bada i sollys.


Desse bileta er frå torsdag morgon.


Vegetasjon på utsida av Suldalshallen.


På veg heim frå jobb var det eit tynt skylag som sløra sola, og slapp gjennom eit mjukt lys over landskapet.






Soloppgong i dag tidleg. Litt meir skyer, og dermed eit endå meir spektakulært lysshow!